Hopp til innhold

Ei laksemare i Steinkjerelvene kan vere over

Sa du gyrodactulus salaris til ein Steinkjermann, visste han nesten alltid kva du snakka om. I alle fall om han hadde halde i ei fiskestong. Og det har dei fleste. No håpar alle i Steinkjer at dei to orda vil gå ut av bruk igjen.

Laksesperre fjernes i elva Figga i Steinkjer

Ei gravemaskin fjernar den slitne laksesperra i elva Figga i Steinkjer. No kan fiske svømme fritt oppover i elva igjen, forhåpentlegvis fri for lakseparasitten gyrodactulus salaris.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Fredag vart den etter kvart nokså morkne laksesperra i ei av dei tre elvane som munnar ut i fjorden i Steinkjer til slutt fjerna. Ei gravemaskin gjorde kort prosess med dei morkne stokkane som hadde stengt laksen ute frå Figga i tre tiår.

Det var eit slags symbolsk bilde på ei tid som er over. Så lenge har kampen mot gyrodactulus salaris vore som kampen mot djevelen, når fiskarar og friluftsinteresserte i byen inst i Trondheimsfjorden snakka seg i mellom. Byen har vore sentrum for tre tiår med kamp for elvelaksen – og mot den vesle parasitten som hadde slått seg ned på fisken og øydela den, så den vart sjuk.

Frykta tida var ute for Steinkjer-laksen

Steinkjer-vassdraga har vore sterkt herja av den vesle banditten. Så lenge hadde denne vesle øyeleggaren halde på, at folk hadde mist trua på lakseelvene i Steinkjer.

Mange trudde det var over og ut for laksefiske med stang i elvene rundt byen.

Rotenonbehandling

Rotenonbehandling av elvene i Steinkjer-vassdraget.

Foto: NRK

Men så vart elvene i fleire omgangar behandla med plantegifta rotenon, ei omstridd, men ifølge mange, også effektiv løysing på eit slikt problem.

Slik skjedde rotenonbehandlinga.

Mange deltok i arbeidet i håp om å få elvene friskmelde og laksen tilbake igjen.

Med rotenon drep ein alt liv i elva og det kan bygge seg opp nytt, friskt liv. No har elvene vore frie for parasitten i fleire år etter fleire rundar med behandling, og dei to andre elvene har vore rekna som friskmeldte.

Død fisk etter rotenonbehandling

Daud smitta fisk etter rotenonbehandling av elv.

Foto: John Pedersen / NRK

Med fjerninga av laksesperra i Figga blir også dei siste øvre 20 kilometrane av den siste elva opp til Leksdalsvatnet frisone for laksen att, forhåpenlegvis for ein ny, frisk Figgalaks.

Eit yrkesliv i kamp mot ein lakseparasitt

Det er mangeårig fiskeforvaltar hos fylkesmannen i Nord-Trøndelag Anton Rikstad, i tilfelle sers glad for. Han var med da fiskesperra vart fjerna. Den var skrøpeleg og alderssliten, innrømte han:

– Sperra er tredve år og i dårleg forfatning.

I store delar av sitt lange yrkesliv hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag som har sitt hovudsete nettopp i Steinkjer, har Rikstad hatt parasitten som ein av sine verste fiendar.

Fiskeforvalter

Mangeårig fiskeforvaltar i Nord-Trøndelag Anton Rikstad har hatt oppgåva å få bukt med lakseparasitten gyrodactulus solaris som ei mangeårig fagleg utfordring i arbeidet sitt.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Rikstad er busett i Steinkjer og har levd tett innpå problema i dei tre store Steinkjerelvene, også som aktiv friluftsmann. No har han sjølv tatt til å bli ein høveleg vaksen mann, og glad for at problemet endeleg skal vere ute av verda. Det ville vore greit å skrive parasitten ut av soga.

– Du trur ikkje gyro'en kjem tilbake til Steinkjer-vassdraget?

– Nei, vi kan ikkje tru det no.

– Elva fødd på ny

Leiar Eystein Utheim i Figga elveeigarlag er ein glad mann, han med. For han er elva no nærast som ein mann sa ved elvekanten – fødd på ny.

– No blir den ført tilbake til slik den var.

Fiskarane er ikkje minst glade. Even Rødseth var fem år da elvelaksen vart sjukdomsråka. No er han ein vel vaksen mann.

– Dette er heilt magisk, seier han.