Hopp til innhold

Bøen politimeister i Sunnmøre politidistrikt

Politiinspektør Ingar Bøen blei i dag konstituert som politimeister i Sunnmøre politidistrikt.

Ingar Bøen

Politiinspektør Olav Ingar Bøen blei i dag konstituert som politimeister Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Justis- og beredskapsdepartementet har avgjort at politimeisteren bør konstituerast inntil vidare, men likevel ikkje utover 31. desember 2015. Årsaka til dette er i samanheng med oppfølginga av den komande politianalysen.

Bakgrunnen er at politianalysen kan resultere i ein reduksjon i talet på politidistrikt.

Lang erfaring

Ingar Bøen var utdanna ved Politiskolen i 1982, og er utdanna jurist frå 1988. I tillegg til lang erfaring frå politiet, har Bøen vore dommarfullmektig i Ålesund byrett og statsadvokat Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane.

Sidan 1997 har han arbeida som politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt og vore politimeisteren sin faste avløysar. Sidan september 2014 har Bøen vore konstituert av departementet som mellombels politimeister i Sunnmøre politidistrikt etter at Jon Steven Hasseldal slutta på Sunnmøre og blei ny politimeister i Østfold.