Stillinga blei lyst ut etter at det blei kjent at Steven Hasseldal gjekk til ny jobb som politimeister i Østfold. Hasseldal starta i jobben der 2. september. Sidan det har Ingar Bøen vore konstituert i stillinga. Han står også på søkjerlista.
Dei tre søkjarane er:
- Rune Andersen (48)
- Trond Arne Aglen (42)
- Ingar Olav Bøen (55)
Trond Aglen har adresse Ulsteinvik. Han er i dag administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ingar Bøen bur i Ålesund og er til dagleg politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt.
Rune Andersen er busett i Egersund.
I utlysinga heiter det at stillinga er mellombels. Årsaka er at det enno er usikkert korleis grensene for politidistrikta blir sjåande ut i framtida og om Sunnmøre politidistrikt blir del av eit større distrikt.