Hopp til innhold

Betalte gladeleg for å kome seg på ski i Molde

Skiløparane sto i kø for for å kome seg på skitur i Molde laurdag. For første gong i historia måtte dei betale.

Skiidyll ved Skaret i Molde

Prisen på 50 kroner skremde ikkje folk frå å reise til Skaret i Molde for å gå på ski laurdag.

Foto: Roar Strøm

Snømangelen har gjort at Skaret skisenter i Molde har brukt kunstsnø for å lage langrennsløype for skientusiastar no i januar. Laurdag opna løypene for første gong, og dei som ville bruke dei, måtte ut med 50 kroner for vaksne og 25 kroner for barn.

Det stoppa ikkje dei ivrigaste.

Det var som å gå i trikkeskinner, kjempefint, skryt Jens Indregård. Han er ikkje sur over å måtte betale, og seier mannskapet på skisenteret gjer ein kjempejobb for å halde ope.

Nei, det syns eg er kjempegreitt, ingen problem. 50 kroner er billig, slår han fast.

4 kilometer lang løype

Helge Bjørsvik

Helge Bjørsvik ved Skaret skisenter seier dei er avhengig betalar, dersom dei skal lage langrennsløyper av kunstsnø.

Foto: Roar Strøm

Det var Romsdals Budstikke som først skreiv om saka. Ifølgje avisa er det produsert 15 000 kubikkmeter kunstsnø til ei fire kilometer lang løype dei siste to vekene. Dei har produsert snø, køyrt han ut og planert, og deretter køyrt opp løypespor.

Leiinga seier at betaling blei nødvendig.

– For å få til snøforhold her oppe på Skaret har vi produsert ganske mykje snø, og det har ein stor kostnad, heilt opp i eit sekssifra beløp. Difor er vi heilt avhengig av at andre også er med og finansierer den biten, seier Helge Bjørsvik i Skaret skisenter.

Nokre sneik seg unna

Bjørn Egil Dragen

Bjørn Egil Dragen syns det skulle vore gratis å gå på ski på Skaret.

Foto: Roar Strøm

Ifølgje senterleiinga er 99,9 prosent positive, medan enkelte ikkje likar å betale. Ifølgje vaktene var det fleire som køyrde forbi dei, for å unngå å betale, og som deretter sneik seg inn i sporet.

Bjørn Egil Dragen er ein av dei som betalte, men som helst skulle sett at det var gratis.

– Eg syns eigentleg det er litt gale, det burde jo vore gratis. Men kostar det, så kostar det, då må ein berre betale.

– Men utan betaling hadde det ikkje blitt langrennsspor her?

– Ja, då får ein heller finne andre stader, då, naturen er stor, seier han.

Ros til mannskapet

Monica Nerland

Monica Nerland meiner mannskapet ved Skaret skisenter har gjort ein kjempejobb med å lage skispor sjølv om den naturlege snøen uteblir.

Foto: Roar Strøm

Søndag held snøproduksjonen fram, i påvente av at natursnøen kjem dalande. Inntil då blir det betaling på Skaret.

Når forholda er sånn som dei er, er det heilt greitt. Det er utruleg bra at dei som er her oppe tek seg tid og jobbar for at det skal vere mogleg for andre å gå på ski, skryt Monica Nerland.

No må folk betale om dei vil gå på ski på Skaret i Molde