Hopp til innhold

–Trist at dei må gjennom det same

Den komande bybrannsmarkeringa i Ålesund vil verte prega av storbrannen i nabofylket. Det trur ordførar Bjørn Tømmerdal.

Flammar under brannen på Lærdalsøyri

Mange hus og bygningar er brende til grunnen og 90 personar er lagt inn på sjukehus med røykskadar etter storbrannen i Lærdal som begynte seint laurdag kveld.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det er ei forferdeleg tragedie som har ramma lærdalssamfunnet, men så langt må ein vere sjeleglad for at det ikkje har gått menneskeliv tapt, seier Tømmerdal.

Ordføraren synest det er trist det som no skjer i den vesle bygda i nabofylket og at han neppe er den einaste.

– Eg har ein sterk mistanke om at slike tragiske hendingar røyver oss alle saman, seier han om storbrannen i Sogn og Fjordane.

Om lag 30 hus er brent ned til grunnen og 90 personar ligg på sjukehus med røykskadar etter den dramatiske brannen som starta i eit bustadområde på Lerdalsøyri 23-tida fredag.

Rett før 110-årsjubileet

Ordfører i Ålesund, Bjørn Tømmerdal

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal, har medkjensle for dei som er råka av storbrannen i Lærdal i Sogn og Fjordane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Den dramatiske storbrannen i Lærdal skjer få dagar før 110-årsjubileet til bybrannen i Ålesund. Bybrannen sit djupt i det kollektivet minnet til ålesundarane og historier frå brannen vert framleis ofte tekne fram i skulen og i kulturlivet. Ordføraren har derfor medkjensle for kva lokalsamfunnet i Lærdal no går igjennom.

– Vi er ikkje så historielause at vi ikkje forstår konsekvensane av det som skjedde i Ålesund den gongen og som no også er på veg til å ramme Lærdal, seier ordføraren.

– Her bør ein vere veldig taktfull og forsiktig i markeringa av vår eigen bybrann, seier han vidare.

Eit historisk lokalsamfunn

Mange har blitt skada og fått heimane sine heilt øydelagt. Tømmerdal håper at dei no får bukt med brannen ein gong for alle.

– Konsekvensane ville verte fatale om heile lærdalssamfunnet brenn ned. Lærdal er ein historisk del av landet vårt med bygningar tilbake til 1700-talet, så eg håper no ikkje heile identiteten til dette lokalsamfunnet vert utsletta av brannen sine herjingar, kommenterer han.

Stiller seg til disposisjon

Mannskap og beredskap frå heile Vestlandet deltek i redningsarbeidet i Lærdal. Ålesund kommune vil også stille opp om det vert behov for det, lovar Tømmerdal.

– Eg forventar at statsministeren er på banen. Dette er ei katastrofe som regjeringa er nøydd til å handtere på sin måte. Det vil eg ikkje leggje meg borti, men er det noko vi ser at vi kan hjelpe til med, så skal vi sjølvsagt gjere det.

– Det handlar om å hjelpe kvarandre, men no trur eg aller først redningsmannskapa og dei som har fagkunnskap til å løyse dette, avsluttar han.