Bygda som reiste seg frå oska

Nøyaktig ti år har gått. Brannen tok over 40 bygg i Lærdal.

Klokka 22.53 laurdag 18 januar 2014 får politiet melding om ein brann. I kraftig kastevind spreidde flammane seg til store delar av Lærdalsøyri.

Totalt 42 bygningar brann ned til grunnen – 17 av dei bustadhus. På Gamle Lærdalsøyri blei to historiske bygningar totalskadde.

Ingen liv gjekk tapt i brannen, men 681 personar vart evakuerte frå heimane sine.

I tillegg blei 446 personar sende til legesjekk. Av desse vart 48 lagt inn på sjukehus i Lærdal, Førde og Voss.

I dag er nesten alle husa bygd opp igjen.

Det kan vere vanskeleg å førestille seg branninfernoet for ti år sidan.

Men veit du kor ein skal sjå, finn du framleis spor etter brannen i bygda.

Gateskilta der brannen starta har framleis svimerker.

Det freda Synneva Eris hus frå 1840 gjekk tapt i brannen.

Eit liknande hus har blitt bygd opp igjen på same stad, men det nesten tohundreår gamle trehuset er borte for alltid.

Per Aspevik mista huset og heimen sin i brannen. Ut glaset såg han gnistane hagle.

Ingen av tinga hans blei redda frå flammane.

Korleis har brannen påverka deg i ettertid?

– Eg har vel eigentleg gløymt det meste. Vi var så travle opptatte med å sløkke at vi ikkje fekk tid til å tenke.

No står eit nytt hus på den gamle branntomta. Om lag eit år etter brannen fekk Per Aspevik og kona flytte inn i det nye huset.

– Det gjekk veldig fint å flytte inn. Ikkje noko problem, seier Aspevik.

Jan Geir Solheim var ordførar i Lærdal då brannen braut laus.

– Det var ein følelse av totalt kaos. Heile dalsida var opplyst av flammar og det regna gnistar over alt.

«Eg føler vi alle var med på å kjempe om det kjæraste vi hadde. »

«Eg trur vi har blitt endå gladare i staden vår. Identiteten vår har blitt sterkare og vi er stoltare av plassen vår. »

Brannsjef i Årdal og Lærdal Gaute Johnsgaard og dåverande brannmann Guttorm Gullaksen slost mot flammane brannatta.

«Det er det nærmaste du kjem eit inferno. Det brann rundt deg og bak deg. »

Brannsjef Gaute Johnsgård

« Då sløkkingsarbeidarar kom, spurte dei meg kor dei skulle vere. Eg sa «de må berre finne dykk eit hus som brenn». Vi hadde jo ikkje kontroll.»

Guttorm Gullaksen

Etter brannen har beredskapen i Lærdal auka. Mellom anna har dei gamle trehusbygga fått sprinklaranlegg.

Brannen førte til både straumbrot og brot i telekommunikasjonen i bygda, men også dette har blitt utbetra.

I tillegg har storsamfunnet lært av storbrannen.

Brann- og redningsvesenforskrifta tydlegare krav til beredskap og førbygging, fortel John Marius Ly i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Men heilt førebudd kan ein aldri vere på ein slik storbrann som den i Lærdal.

– Du kan seie at vi har erfaring, men vi har ikkje det. Dette er så langt utanfor kva du kan førestille deg, seier den erfarne brannmannen.

«Du klarar ikkje å styre naturen og vinden. Det klarar du ikkje å styre. »

Gaute Johnsgaard.
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal