Hopp til innhold

Fem år etter brannen: – Lærdal er finare enn før

18. januar 2014 brann over 40 bygningar i Lærdalsøyri ned til grunnen. Fem år etterpå har dei fått dobbelt så mange bueiningar på tomtene som brann ned.

Jan Geir Solheim (t.v.) og Sjur Arne Bøe

NYE HUSVÆRE: Ordførar Jan Geir Solheim (t.v.) og Sjur Arne Bøe framfor nokre av dei nye leilegheitene i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det var så mange tomter som brann. Det blei veldig komplisert berre å kome i gang etterpå. Eg trur vi sette Noregsrekord i saksbehandling, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Totalt 42 bygningar brann ned til grunnen – 17 av dei bustadhus. På Gamle Lærdalsøyri blei historiske bygningar totalskadde. Ingen liv gjekk tapt i brannen, men 681 personar vart evakuerte frå heimane sine.

Det fekk store konsekvensar for ein liten kommune som Lærdal.

– Det var vanskeleg å handtere alt. Vi hadde mykje å styre med – nye og gamle reguleringsplanar og risikovurderingar.

Sønneva Eris hus i brann under storbrannen i Lærdal

SJÅ BILDA: Brannen spreidde seg raskt i sterk vind, og er den største bybrannen i Noreg sidan andre verdskrig.

Foto: Jan Erikstad

– Finare enn før

I dag, fem år etterpå, ser ein nesten ikkje spor etter brannen.

– Eg synest nesten Lærdal står fram endå finare enn før. Det er bygd opp att på ein veldig fin og stilriktig måte. Vi er ikkje heilt i mål, men det er nesten berre ei plakattavle som står att. Det er nesten litt flaut, akkurat det, seier Solheim.

Då flammane slukte bygningane, var det nesten berre eldre einebustadar i kommunen. Men no er butilbodet ganske annleis – Lærdalsøyri har dobbelt så mange bueiningar på tomtene der husa brann ned, og er mange leilegheiter rikare.

– Det har vore veldig ønskeleg. Vi har behov for leilegheiter her i sentrum, så det har vore gledeleg å sjå, seier Solheim.

Branntomt på Lærdal

ETTER BRANNEN: Restar av det som var eit hus.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Ville tilbake

Amalie Myrmel var berre femten år gammal då ho og mora mista alt dei eigde. Dei budde i eit eldre, raudt hus på Lærdalsøyri.

– Vi fekk ti minutt på oss til å pakke det kjæraste vi hadde. Eg fekk med meg bunaden og nokre album. Då vi blei evakuerte skjønte eg at det ikkje var sikkert eg ville kome tilbake.

Amalie og mora fekk tidleg løyve av kommunen til å byggje opp att huset. Etter eitt år vende dei tilbake i eit nybygd hus, der det gamle hadde brunne ned.

– Vi bestemde oss tidleg for at vi ville bygge eit nytt hus på same plassen. Det var der vi høyrde heime, fortel ho.

Amalie Myrmel i Lærdal

MISTA ALT: Ho mista alt utanom bunaden og nokre album i brannen. Amalie Myrmel og mora bygde eit nytt hus i brannruinane.

Foto: privat

Leilegheitsboom

På ei tomt der ein anna einebustad brann ned, står det no åtte splitter nye treromsleiligheiter.

– Dei var ferdige i oktober og seks av dei er no selde. Så det er veldig bra, seier Sjur Arne Bøe.

Han er ein av dei som står bak byggeprosjektet.

– Eg håpar det betyr mykje for Lærdal. Det har ikkje vore vanskeleg å få selde dei, så det verker positivt, seier han.