Hopp til innhold

– Hussain er blant landets beste midtbanespelarar

Moldes midtbanespelar Etzaz Hussain har spilt glimrande i haust, og var god både mot Ajax torsdag og då Molde valsa over Tromsø søndag. No får han skryt av trenaren.

Hussain

Her feirar Etzaz Hussain etter å ha scora mål i Europaligakampen mot Standard Liege i august.

Foto: Laurent Dubrule / Ap

Erling Moe

Hussain er blant landets beste midtbanespelarar, meiner Erling Moe.

Foto: Roar Strøm / NRK

Molde sin hovudtrenar Erling Moe er strålande fornøgd med det Etzaz Hussain har prestert denne hausten.

– Eg synest han har tatt enorme steg denne sesongen. Han har blitt ei leiestjerne på laget, og eg meiner han er på veg opp og fram, seier Moe.

– Han jobbar knallhardt kvar dag og er som ein veps på trening, så han fortener alt det skrytet han får, held han fram.

Har ikkje reflektert over landslagsuttak

Hussain var ein av få spelarar som var med mot Ajax som starta kampen mot Tromsø søndag kveld, og på nytt viste den tidlegare Fredrikstad-spelaren seg fram på eit høgt nivå.

Han synest det har gått bra i haust.

– Eg har hatt ein bra haust der eg har fått bidratt mykje, spesielt i europaligakampane. Så eg er veldig fornøgd med den forma eg har no, seier Hussain

I det eliteserien går inn i ein landslagspause er det naturleg å stille spørsmålet om formspelaren Hussain er langt unna ein plass i ein slik tropp. Sjølv har ikkje midtbanespelaren reflektert noko over eit eventuelt landslagsuttak.

– Det er ikkje noko eg har tenkt på, men alle norske spelarar vil sjølvsagt spele på landslaget, så eg vil halde fram med å jobbe hardt, seier Hussain.