Hopp til innhold

Upperdog kan få nordisk filmpris

Upperdog er nominert til Nordisk Råds Filmpris, i konkurranse med blant andre Submarino av danske Thomas Vinterberg.

Hermann Sabado i "Upperdog".

Hermann Sabado og Agnieszka Grochowska i «Upperdog».

Foto: Foto/Copyright: Sandrew Metronome/Friland Film

Sara Johnsen

Regissør og manusforfattar Sara Johnsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Den norske filmen Upperdog er ein av fem filmar som kjempar om Nordisk Råds Filmpris 2010.

– Det er kjempekoseleg og veldig hyggjeleg. Eg vart veldig glad, seier regissør Sara Johnsen.

Dei nominerte filmane vart i dag offentleggjort under filmfestivalen i Haugesund:

  • Submarino, Danmark (regi: Thomas Vinterberg)
  • Miesten Vuoro, Finland (regi: Joonas Berghäll & Mika Hotakainen)
  • The Good Heart, Island (regi: Dagur Kári)
  • Upperdog, Noreg (regi: Sara Johnsen)
  • Metropia, Sverige (regi: Tarik Saleh)

I fjor var det Antichrist av danske Lars von Trier som fekk prisen , i konkurranse med blant andre den norske filmen Nord .

Jurymedlemmane Le LD Nguyen og Øyvor Dalan Vik fortel at dei var svært samstemde i valet av Upperdog.

Årets kandidat er ein nærstudie i mellom-menneskelege relasjonar framstilt med eleganse, så vel som tyngde. Upperdog utmerkar seg med både filmatisk, tematisk og handlingsmessig modenheit, samt ei sterk vilje og evne til innsikt i alvoret heilt vanlege menneske opplever i liva sine.

Utdrag frå jurygrunngjevinga

Fleire utmerkingar

Upperdog fekk svært gode kritikkar i Noreg, og vann heile fem Amanda-prisar under filmfestivalen i Haugesund. No kan altså regissør og manusforfattar Sara Johnsen, og produsentane Christian Fredrik Martin og Asle Vatn vinne nok ein pris for filmen.

Sara Johnsen har enno ikkje sett nokon av dei andre nominerte filmane.

– Eg skulle gjerne ha sett dei. Men kanskje det er like greitt å ikkje gjere det, så veit eg ikkje kor hard konkurransen vert.

Ingen norsk vinnar enno

Nordisk Råds Filmpris vart første gong delt ut i 2002, og har sidan 2005 vorte delt ut kvart år. Enn så lenge har ingen norsk film vunne prisen, medan prisen har gått til Danmark heile tre gonger.

– Denne prisen tyder meir internasjonal merksemd, det er ein høgthengjande pris. Dersom ein skulle vinne vil det tyde svært mykje, seier Johnsen.

Ein jury i kvart av dei nordiske landa, Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island nominerer ein film kvar. Deretter er det opp til ein felles nordisk jury å kåre ein vinnar blant dei fem nominerte. Prisen er på 350.000 danske kroner, og vert delt mellom regissør, manusforfattar og produsent.

Vinnaren vert offentleggjort 20. oktober, medan prisutdelinga vert 3. november i Reykjavik.

  • Kven synest du fortener å få Nordisk Råds Filmpris?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters