Dei fire fyrste månadane i 2016 er det selt 4,2 millionar kinobillettar her i landet. Det er store blockbusterar, som superheltfilmen Deadpool, som drar nordmenn til kinosalane. Det er ti år sidan liknande besøkstal i fyrste kvartal.
– Filminteressa i Norge, og dette veit vi, er sterkare enn i veldig mange andre nordiske og europeiske land. Målet vårt er å bygge fleire kinoar og kanskje også overta fleire kinoar frå dei som driv kino i dag, seier Ivar Halstvedt.
Han er administrerande direktør i SF Kino og ser optimistisk på framtida. Berre for hovudstaden har dei store planar.
– Etter våre vurderingar manglar Oslo mellom 25 og 30 kinosalar samanlikna med befolkningsgrunnlaget.
Store utbyggingsplanar
Ved sidan av ein diger byggeplass på Storo, nord i Oslo, blir det bygd nye bustader. Og om eit par år opnar dørene til det som skal bli den største kinoen i landet: 11 salar og 2000 seter i ein by som allereie har over 10 andre kinoar.
Det er SF Kino AS som bygger. Selskapet eig 27 prosent av norske kinoar og i 2014 hadde dei eit årsresultat på over 22 millionar kroner. Halstvedt i SF Kino meiner kinobehovet til nordmenn er umetteleg.
– Korleis kan de vere sikre på at kino er det som er riktig når det finnast så mange andre tilbod?
– Kino har overlevd absolutt alle andre konkurrerande medium. Det er ingenting som har drepe kinoen eller redusert interessa for å gå på kino.
Verdstrend
Ulrik Eriksen er filmkritikar i Morgenbladet og skriv eigen blogg om billettsal på norske kinoar. Han har ein klar teori om kvifor folk framleis gidd å gå på kino:
– Kinoen tilbyr ei sone som det er mindre av i vår tid. Merksemda di blir leia mot eitt kulturprodukt og ein blir bedt om å skru av mobiltelefonen. Ein sit i mørket og ser på ein skjerm, i ei tid der vi får mykje input overalt. Difor kan nok ei slik ramme vere meir og meir attraktiv.
Trenden i Norge speglar også trenden i resten av verda. I fjor var det omsetningsrekord i kinobillettar på verdsbasis.
– Kino står veldig sterkt. Oppskrifta Hollywood har brukt for å møte utviklinga har vore ganske riktig, meiner Eriksen.