Hopp til innhold

Splitta News Corp banar veg for gigantoppkjøp

I dag offentleggjorde Rupert Murdoch at News Corp blir splitta opp. Dermed er han eit steg nærare å sikra seg TV-nettverket BSkyB.

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch har ikkje gjeve opp å skaffa seg TV-nettverket BSkyB, og det kan vere ein av grunnane til at News Corp no blir splitta, melder The Guardian.

Foto: OLIVIA HARRIS / Reuters

Tidlegare denne veka starta rykteflaumen om at Rupert Murdoch vurderer å dela opp mediakonglomeratet News Corp.

I dag bekrefta selskapet offisielt i ei pressemelding at dei deler seg i to - i eit underhaldningsselskap og eit mediahus, ifølgje AFP.

Dermed kan det bli lettare for Rupert Murdoch å få full kontroll over BSkyB, TV-nettverket han har vore ute etter sidan i fjor. Med delinga kan det som blir underhaldningsselskapet leggje inn bod for å bli einaste eigar i BSkyB.

Det er den britiske avisa The Guardian, som stod sentralt i avsløringane av avlyttingsskandalen i den Murdoch-eigde avisa News Of The World, som lanserer denne teorien.

The Telegraph skriv dessutan at BSkyB-aksjane steig med 3 prosentpoeng på grunn av spekulasjonar om at News Corp no tek opp igjen planane om å få full kontroll over TV-nettverket.

Kunne blitt større enn BBC

Murdoch la inn bod på BSkyB i fjor, men då sette det britiske mediatilsynet og parlamentet ned foten, og etter massivt politisk press trakk selskapet tilbake bodet.

– News Corporation føler at situasjonen har blitt eit for heitt politisk tema til at dei vil halde fram med oppkjøpet, uttalte ei kjelde i selskapet til Sky News i juli i fjor.

Murdoch var villig til å legga 70 milliardar kroner på bordet for BSkyB, som er det største kommersielle krinkastingsselskapet i Storbritannia og Irland med 11 millionar abbonnentar.

Murdoch eig allereie 39 prosent av aksjane i BSkyB. Om oppkjøpet hadde gått som planlagt førre sommar, ville News Corp blitt større enn BBC.

Enklare å kvitta seg med News International

(saka held fram under biletet)

News of The World har stått for mange avsløringer

Ei knippe framsider på tabloidavisa «News of the World», som vart lagt ned i fjor. Skandalane rundt avisa kan no føra til at Murdoch kvittar seg med dotterselskapet News International.

Foto: Faksimile: News of The World

Rupert Murdoch varsla at han sjølv blir styreformann for begge selskapa
og administrerande direktør for underhaldningsselskapet.

Oppsplittinga av News Corp kan gjera det enklare for det nyoppretta mediahuset til å kvitta seg med det britiske avisforlaget News International. Det skriv den britiske journalistikkprofessoren Roy Greenslade i the Guardian.

News International er eit dotterselskap av News Corp, og gjev ut ei rekke britiske aviser.

Ei av desse avisene, «News of the World» sjokkerte verda i fjor, då det kom fram at journalistane i avisa brukte avlytting og bestikking av polititenestemenn for å få tak i dei beste nyheitsoppslaga.

Det gjer naturleg nok at tilsette i News International fryktar for framtida, og Roy Greenslade skal ha snakka med tilsette i The Sun som er redde for at Murdoch vil selje avisa.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.