Hopp til innhold

Murdoch trekkjer bodet på BSkyB

Rupert Murdoch og News Corporation har varsla at dei trekkjer bodet på TV-giganten BSkyB, etter massivt politisk press.

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch og News Corp. vil ikkje kjøpe BSkyB likevel.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Rupert Murdoch gir etter for presset og vil likevel ikkje by på BSkyB, melder Sky News. Det skjer etter avsløringar om bruk av ulovleg telefonavlytting i britiske aviser, eigd av Murdoch.

– News Corporation føler at situasjonen har blitt eit for heitt politisk tema til at dei vil halde fram med oppkjøpet. Men selskapet vil fortsette å vere ein aksjehaldar i selskapet på lang sikt, seier ei kjelde til Sky News.

– Det er den rette og fornuftige tingen å gjere, seier visestatsminister Nick Clegg, ifølgje The Guardian.

Ein talsmann for Downing Street seier at det er ei velkomen avgjerd og at News International no må fokusere på å ordne opp i selskapet.

Les: Slik styrer Murdoch mediebransjen

Ga etter for politisk press

– Vi trudde at det planlagde oppkjøpet av BSkyB av News Corporation ville vere til det beste for begge selskapa, men det har blitt klart for oss at det er for vanskeleg å halde fram i dette klimaet, står det i ei pressemelding frå selskapet, ifølgje BBC.

Også opposisjonsleiar Ed Miliband er nøgd med avgjerda. Han meiner at det er «ein seier for folk i heile landet» og ei melding til Murdoch om at «hans ambisjonar i Storbritannia burde stoppe her».

Murdoch og selskapet News Corp. har stått under stort press den siste tida grunna skuldingar om ulovleg telefonavlytting i avisa News of the World.

(Artikkelen held fram under biletet)

News of The World har stått for mange avsløringer

Avisa News of the World vart lagt ned etter det vart avslørt at dei hadde drive med ulovleg telefonavlytting. Difor vart det stort politisk press på Murdoch om å trekkje bodet på TV-giganten BSkyB.

Foto: Faksimile: News of The World

Debatten held fram

I dag skulle Parlamentet stemme over om dei ville be Murdoch trekkje bodet. Tidlegare har kulturminister Jeremy Hunt varsla at han ville be Konkurransetilsynet sjå på saka.

Les: Murdoch-oppkjøp granskes

– Murdoch ga etter for presset til treeininga av Labour, dei konservative og liberaldemokratane, som stod saman i denne saka, noko som er sjeldan i britisk politikk. Murdochs politiske påverknad er stor, spesielt i Storbritannia. Når han har eit så nært forhold til politikarane er det ikkje anna å vente enn at han måtte gi etter for dei til slutt, seier førstelektor ved Universitetet i Agder, Jan Erik Mustad, til NRK.

Det er varsla at debatten om News Corporation likevel vil bli halde i Parlamentet i ettermiddag.

Sky News melder at tidlegare statsminister Gordon Brown skal vere med. The Sun, som er eigd av News International, skal ha fått tak i medisinske opplysningar om barnet til Brown og avlytta familien, vart det kjent i går.

Kunne blitt større enn BBC

Dersom oppkjøpet hadde gått som planlagt ville News International, som er News Corp. sitt selskap i Storbritannia, blitt større enn BBC. Selskapet eig allereie over 39 prosent av aksjane i BSkyB, men Murdoch ville overta resten av aksjane for å få full kontroll.

BSkyB-aksjane har falle med over tre prosent sidan nyheitene om telefonavlyttinga kom.

– Men aksjane i News Corporation stig som ei følgje av at dei trekkjer bodet. Det er ingen tvil om at kommersielt fjernsyn økonomisk sett er viktigare for Murdoch enn avisene som er innblanda i avlyttingsskandalen, seier tidlegare London-korrespondent Tore Moland til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video David Cameron møtte pressen over News of the World-skandalen

David Cameron vil rydde opp i avlyttingsskandalen i Storbritannia, ved hjelp av ei offentleg gransking.

Foto: Nyhetsspiller

– Det største oppkjøpet

Han meiner at trekkjinga av bodet er ei audmjuking både for Murdoch og News Corporation.

– Det er snakk om det viktigaste strategiske og største oppkjøpet dei nokon gong hadde planlagt. BSkyB er ei økonomisk mjølkeku for dei og Murdoch ønskja å kjøpe heile selskapet for nesten 70 milliardar kroner, seier han.

Avisa The Guardian, som avslørte avlyttingsskandalen, skriv at det er «eit av dei verste tilbakeslaga i 80 år gamle Rupert Murdochs karriere».

Skandalen rundt News International stoppar ikkje her. Tidlegare i dag fortalde David Cameron om korleis han ville rydde opp i avlyttingsskandalen som har rysta Storbritannia den siste tida.

Les: Slik vil Cameron rydde opp

Mellom anna skal pårørande etter Afghanistan-soldatar, mord- og terroroffer, samt kongelege, kjendisar og politikarar ha blitt avlytta. Meir enn 9000 telefonnummer står på lista. Det er framleis uklart om det er fleire aviser enn no nedlagde News of the World som er innblanda.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober