Hopp til innhold

Kollektivt selvmord

- Ein må vere svært tung til sinns for ikkje å la seg more av den finske forfattaren Arto Paasilinnas burleske sjølvmordskandidatar.

Den finske forfattaren Arto Paasilinna. Foto: Aschehoug

Arto Paasilinnas roman 'Kollektivt selvmord' er endeleg komen på norsk.

Foto: © Irmeli Jung

Det står ikkje til å nekte: finnane har rykte på seg for å vere tause, tungsindige og drikkfeldige. Og forfattar Paasilinna gjer alt som står i hans makt for å støtte opp under dette ryktet. Romanen opnar slik: ”Finnenes mektigste fiende er mismotet, sørgmodigheten og den bunnløse apatien. Tungsinnet svever over dette ulykksalige folket…”.

Arto Paasilinna: Kollektivt selvmord. Aschehoug 2007

Arto Paasilinna: Kollektivt selmord. Omsett til norsk av Tor Tveite. Aschehoug 2007

Foto: Aschehoug

Felles elende er…

Og så vidare. Deretter blir vi introdusert for den særs representative Onni Rellonen, ein kar med dårleg helse, karrieren i fritt fall og ei kjerring han er så inderleg lei av. Etter å ha feira jonsok i djup einsemd på hytta tek han dagen der på med seg revolveren opp i ei forfallen utløe for å gjere slutt på det heile langt borte frå alt og alle.

”En liten bevegelse med avtrekkeren: en siste transaksjon, og så ville saldoen være nullstilt, livets og dødens aller siste saldo. Han skalv.

Men det var noen der inne! Mellom tømmerstokkene skimtet han noe grått, og han hørte noen stønne. En hjort? Et menneske? Onni Rellonens overanstrengte hjerte hoppet av glede. En kan jo ikke ta livet av seg i en løe der det befinner seg et dyr, eller i beste fall et menneske? Nei! Så blottet for stil var han ikke.” (s12)

Og det er faktisk eit menneske i løa. Oberst Kemppainen har søkt seg dit for å henge seg, men vil, som Rellonen, ikkje ha publikum og dermed blir det ingenting av. Etter å ha møttest under såpass spesielle forhold, er det lett for dei to ulukkelege å hoppe over frasene å kome i prat. Og humøret stig hjå begge når dei får høyre om den andres elendige liv og letta seg for eigne sorger.

Saman før døden

Her ligg bokas optimistiske undertone: Det hjelper å snakke med likesinna. Uoverstigelege problem krympar radikalt når ein fortel om dei til andre, for eksempel over ein øl i sola på hyttetrappa etter eit ufullført sjølvmord.

Andre folk er ei kjelde til glede og meining. Og det er også her det tek verkeleg av. Våre to vener kallar nemleg saman likesinna frå heile landet. Det blir ei stor og fantastisk samansett forsamling med apokalyptisk humor, stor risikovilje og mange pengar, ettersom det jo er like godt å fyre av det ein måtte ha av verdiar i denne verda sånn heilt på tampen. Brennevinen flyt fritt, heimkunnskapslærar Elsa Taavitsainen diskar opp med herleg mat, og frilansservitør Seppo Sorjonen fortel historier.

Spørsmålet er jo sjølvsagt om dette stemnemøtet før døden blir så vellukka at heile det store, kollektive sjølvmordsprosjektet går i vasken. Det skal ikkje røpast her, men det eg kan røpe, er at eg lo ofte og med godt samvit av sjølvmordarane. Og eg kan røpe at det finst meir å le av i Paasilinnas litterære univers, som no omsider blir gjort tilgjengeleg for norske lesarar.

 

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters