Hopp til innhold

Leverer norsk lyd til luksusbilar

Då Mercedes skulle få det beste ut av det skreddarsydde surroundanlegget i sin nyaste modell, ville dei ha med Sting, Lady Gaga – og Trondheimsolistene.

Morten Lindberg

Morten Lindberg med 2013-modellen av Mercedes SL, som han har vore med på å produsere musikk til.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Den nye Mercedes SL kan bestillast med eit surroundanlegg spesialutvikla av Bang & Olufsen, og blir i så fall levert med ein dvd særskilt miksa for å gi maksimalt utbytte i akkurat denne bilen.

Ved sidan av Sting og andre popartistar er det ei rekkje klassiske kutt på dvd-en – mellom anna frå ein av Mozarts fiolinkonsertar, spelt av Trondheimsolistene og solist Marianne Thorsen. Edvard Griegs «Morgenstemning» er også med, spelt av Malmö Symfoniorkester dirigert av Bjarte Engeset.

Jobbar fram mot 2020

Marianne Thorsen.

Marianne Thorsen er solist på innspelinga.

Foto: www.worldwideartists.com

Morten Lindberg i plateselskapet 2L har produsert Mozart-innspelinga, og har fleire Grammy-nominasjonar bak seg – mellom anna for ei anna plate med Thorsen og Trondheimsolistene.

Om 2013-modellen av SL (lansert sist vinter) er på dagsorden utvendig, jobbar han sjølv innanfor ein lengre tidshorisont:

– No jobbar vi saman med Audi og Mercedes om kva slags anlegg ein skal bygge i modellane som kjem i 2018 og 2020, seier han til NRK.no.

2L sitt samarbeid med Mercedes-Benz om SL-lyden har vore halde hemmeleg til nyleg. Det er ikkje det einaste som har vore «hysj-hysj» i prosessen fram mot musikksamlinga til den nye bilen:

– Dei sende ein prototyp av bilen i ein forsegla container over Atlanteren til Los Angeles. Så stengde dei av heile lydstudioet før dei rulla bilen ut av containeren, så dei kunne jobbe med den.

– Ein del av heilskapen i eit eksklusivt produkt

Morten Lindberg legg ikkje skjul på at dei gode inntektene frå desse er ein viktig motivasjonsfaktor for samarbeidet med bilbransjen:

– I ein business der alle snakkar om at musikk ikkje er verdt noko, er det gode prosjekt for oss å jobbe med bilfabrikantar.

Dei store bilprodusentane veit å verdsetje god lyd i bilen, forklarer Lindberg:

– Slik dei ser det, er musikken vi leverer ein del av heilskapen i eit eksklusivt produkt. Difor legg dei pengar i gode lydanlegg, og betalar godt for gode lydopptak. Desse prosjekta gir oss gode inntekter.

Les: Norsk selskap satsar på 3D-lyd

Morten Lindberg

Morten Lindberg og Trondheimsolistene i arbeid med ei anna innspeling, her i 'surroundoppsett'.

Foto: Steinar Larsen

– Ei nydeleg framføring og ei innspeling av topp kvalitet

Det amerikanske selskapet Media Hyperium, med base i Los Angeles, har leia arbeidet med den spesialproduserte dvd-en som skal yte det nye surroundanlegget mest mogleg rettferd:

– Først og fremst valde eg Mozart-innspelinga frå 2L fordi det er ei nydeleg framføring og ei innspeling av topp kvalitet, seier Herbert Waltl i Media Hyperium til NRK.no.

– Ei typisk surroundinnspeling av klassisk musikk gir vanlegvis opplevinga av å vere til stades i konsertsalen der musikken vart framført. Morten tek det heile eit steg vidare – surroundlyd er ikkje for han eit tillegg, men det essensielle konseptet som hevar lytteopplevinga til prosjekta hans – han tek seg til dømes fridom under innspelingane til å stille opp musikarane i ulike posisjonar, i staden for å plassere dei i front slik vi er van med.

– Klassisk repertoar kan flytte grenser

Herbert Waltl la lista høgt for den nye samlinga til Mercedes SL, som har fått tittelen «Signature Sound»:

– Målet med Mercedes-Benz' «Signature Sound» er å levere den beste og mest spennande lytteopplevinga i surround, forklarer Waltl til NRK.no.

– Eg ville vise at ein sjølv med tradisjonelt klassisk repertoar kan flytte grenser på ein smakfull og intelligent måte, for å auke lyttegleda. Med 2Ls Mozart-innspeling var eg i stand til å oppnå det.

Waltl er svært nøgd med samarbeidet med 2L:

– Samarbeidet med 2L var fantastisk. Då eg kontakta Morten om ideen om ein skreddarsydd surroundmiks for Mercedes-bilar, var han umiddelbart begeistra og han har vore veldig støttande i kvart steg på vegen.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.