Jomfrua i isen (illustrasjon) - Foto: Illustrasjon: Hege Fagerheim /
Foto: Illustrasjon: Hege Fagerheim

Jomfrua i isen

«Jomfrua i isen» er krim av godt, gammelt merke. Faktisk skal vi nesten 1000 år tilbake i tid, til ei mystisk forsvinnings- og drapssak.

«Jomfrua i isen» er ein kriminalserie i fem deler etter ein roman av Ellis Peters.

Lytt til siste episode av "Jomfrua i isen" her: Jomfrua i isen (5:5)

Du kan høyre det i løpet av Krimtimen i P1, søndag kl. 14.03.

Borgarkrig og røvarbandar

I november år 1139 er England herja av borgarkrig og fredlause røvarbandar. Keiserinne Maud og fettaren hennes Stephan, sloss om makta. Det er ei real familiefeide som tar med seg mange uskuldige i grava.

Under eit åtak på eit nonnekloster må det adelege søskenparet Hermina og Yves Hugonin, 18 og 14 år, rømme.

Seinare blir ein munk som var saman med dei, funnen skamslegen og nesten livlaus, men dei unge, og nonna Hilaria som fylgde dei, er sporlaust borte.

Kamp mot tida

Vil den lærde og kloke benediktinarmunken Cadfael – tidlegare sjømann, krigar og korsfarar, no gartner, apotekar og problemløysar i klosteret i Shrewsbury – klare å finne dei bortkomne før det er for seint . . . ?

Om produksjonen

Dramatisert av: Bert Coules
Omsett av: Ragnar Hovland
Produsent: Nils Nordberg
Musikk: Åsmund Feidje
Produksjonsleder: Camilla Berntzen
Lyddesign: Arne Barca
Regi: Carl Jørgen Kiønig

Blir også sendt i P1 mandag kl. 23.03.

«Jomfrua i isen» vart sendt første gong i 2000.

Hvem er du i Kampen for tilværelsen?

Hvem i Kampen for tilværelsen likner mest på deg? Ta quizen, og finn ut om du er småbitre Jørgen, språkinteresserte Tomasz, prosjektorienterte Karianne eller synske Anneli.