Hopp til innhold

Hard Bargain Band

Det heile starta då Notodden bluesband spelte i Egersund, Rune Ellertsen fekk lov til å spele med dei. Det var då det slo han at det var dette han ville drive med vidare, slik blei Hard Bargain Band til.

Hard Bargain Band
Foto: Promo

Om Hard Bargain Band kjem vidare frå Nettsjansen til kjempesjansen vil dei synge "Outside my door", som er laga av frontfiguren sjølv, Rune Ellertsen. Allereie no kan du sjekke ut musikkvideoen deira .

Norgesturne

Den store toppen for bandet var då dei vant ”Union blues cup” under Notodden bluesfestival i august i fjor.

- Hovudgevinsten var støtte frå norsk kulturråd. Vi fekk altså ein omfattande turnè rundt i landet, fortel Rune.

Og 60 konsertar har det blitt over heile landet.

- Det blir meir enn ein jobb i veka no utover hausten, fortel 22 -åringen.

Merkeleg namn

Hard Bargain Band
Foto: Promo

- Det var det første året vi spelte, vi skulle spele på Dalane bluesfestival. Han som booka oss sa at vi trengte eit namn, det hadde vi ikkje, så det var faktisk han som fant på namnet vårt.

Og slik blei det til at bandet fekk namnet sitt.

- I Danmark har dei Hard Bargain Bluesband, i USA er det nokon som heiter Hard Bargain.

Dette visste ikkje bandet om då namnet blei til. No er bandet så godt etablerte med det namnet at det nok ikkje er vits i å skifte det, fortel gutane.

- Vi ser ut til å vere eit band med hovudet over vatnet, og vi syns namnet lyd godt, endå det er litt vanskeleg å uttale.

Kva vil dei bruke pengane til?

- Dei skal brukast anten i form av ei plate, eller ei reise ut av Norge.

På gøy med Hard Bargain Band:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Rune: - Det er nok det at eg er enormt vimsete og gal etter fly, ein kan kalle meg ”radiostyrt”.

Er det noko du er spesielt dyktig til?

Rune: - Tromming på magen er noko eg øver mykje på.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters