Hopp til innhold

Han var «overgangsteren» ved klaveret

Han skreiv melodiane til «Nøtteliten» og «Helene Harefrøken», men det var kreative overgangar mellom songane som gjorde Johan Øian til kjendis i samtida.

Johan Øian

Johan Øian (1915–1978) var tilsett Kringkastingsorkesteret som pianist, komponist og arrangør frå 1946 til sin død.

Foto: Jan Nordby / Jan Nordby, NRK

Johan Øian vart fødd 8. juli 1915 på Os i Østerdalen, i det som i dag er Os kommune og har sin største rikskjendis i langrennsløparen Therese Johaug. Øian var kjendis i ei anna tid og på ein annan måte – som ein «alle» hadde høyrt, men nesten ingen hadde sett.

Samarbeidde med Prøysen

Alf Prøysen

Alf Prøysen i eit NRK-studio i 1953.

Foto: NTB scanpix

Johan Øian utdanna seg til organist og pianist på 1930-talet og spelte under krigen mykje på restaurantar og kaféar.

Etter krigen fekk Øian jobb i Kringkastingsorkestret, der han jobba til sin død i 1978. Her fekk han bruk for sin allsidige bakgrunn: Han spelte like gjerne musikk til høyrespel eller dansemusikk som solistkonsertar med orkester.

Utover 1950-talet auka etterspurnaden etter gode melodiar frå NRK-husets mange tekstsmedar. Øian skreiv etter kvart hundrevis av melodiar, og rundt 20 til tekstar av Alf Prøysen. Songane «Nøtteliten», «Bolla pinnsvin» og «Helene Harefrøken» vart spelt inn i 1955 med Johan Øian Ensemble.

– Det var nok enkelt å spørje Johan om å skrive ein melodi – han gjekk jo her i gangane, jobba raskt og lett og laga geniale melodiar, fortel Jan Eriksen, tidlegare programleiar i NRK, som jobba saman med Øian på 1970-talet.

– Han var ein veldig hyggeleg fyr med ein enkel veremåte. Han var beskjeden på eigne vegne, men samstundes svært stolt av det han hadde skapt. Han hadde ei nesten barnsleg glede over musikken sin, ein gong vinka han meg inn frå gangen for å spele sin nyaste melodi for meg.

– Overgangane var finurlege og elegante

Øian skreiv også eigen musikk for orkester, og nokre stykke vart godt kjent og mykje spelt i hans levetid, som «Melodi Beguine». Det var likevel gjennom radioprogrammet Meloditimen på 1950- og 1960-talet namnet Johan Øian vart kjent for den jamne nordmann.

I Meloditimen spelte Kringkastingsorkestret klassisk musikk av det lettare slaget, og medan dirigent Øivind Bergh annonserte, spelte Øian ein skreddarsydd overgang der han la inn brokkar av neste stykke og modulerte til rett toneart. Dermed fekk han tilnamnet «overgangsteren» av kollegaene. «... og klaverovergangene var som vanlig ved Johan Øian» vart eit klassisk radiouttrykk.

– Overgangane var finurlege og elegante og det låg alltid ein tanke bak, han var fagleg veldig dyktig i alt han gjorde, seier journalist Mona Levin, som kjende Øian gjennom faren, pianisten Robert Levin.

– Musikk i NRK var på den tida synonymt med Johan Øian, Øivind Bergh og Kringkastingsorkesteret. Alle høyrde på Meloditimen, og alle visste kven Øian var. Det han gjorde betydde verkeleg noko for folk.

Høyr ein av Johan Øians klaverovergangar:

... og klaverovergangene var som vanlig ved Johan Øian

Øivind Berghs faste avslutning i Meloditimen

– Spelte svært nyansert med virtuos teknikk

30. oktober er det duka for festkonsert med Kringkastingsorkestret i Oshallen i Øians heimbygd Os i Østerdalen. Den som får oppgåva med å gjenskape Øians klaverovergangar vert Tor Espen Aspaas, pianoprofessor ved Norges Musikkhøgskole og oppvaksen i Røros, som ligg ei dryg mil nordaust for Os.

Tor Espen Aspaas

Tor Espen Aspaas spelar under jubileumskonserten for Øian i haust.

Foto: Tevje Akerø

– Øian var for meg lenge ei litt diffus legende, omtalt med største respekt av besteforeldregenerasjonen på Os og Røros, fortel Tor Espen Aspaas, som er fødd i 1971 og gjekk glipp av Øians gullalder på radio.

– Lokalt var folk svært stolte av han. For meg var han eit litt abstrakt førebilde i oppveksten, men likevel den pianisten som hadde slått gjennom nasjonalt frå Fjellregionen. Kunne han, så kunne vel eg?

Aspaas vart svært imponert då han for eit års tid sidan for første gong fekk høyre ulike NRK-opptak med Øian som pianist og improvisator.

– Det var ei stor oppdaging! Som pianist spelar han sobert og distinkt med ein i dag sjeldan varme i klangbehandlinga, svært nyansert og med virtuos teknikk. Og dei berømte klaverovergangane hans er verkeleg rike eksempel på ein usedvanleg frodig og kreativ musikalsk fantasi.

Johan Øian og Televimsen med Kringkastingsorkestret dirigert av Øivind Bergh.

Johan Øian spelar Pausemusikk-kjenningsmelodi-klaverkonsert saman med Ivo Caprino-figuren Televimsen og Kringkastingsorkestret.

Ekspert i å roe frynsete nervar

Ein av dei andre artistane som kjem til Oshallen i haust er Sigmund Groven. Han jobba tett med Johan Øian frå sin første radiokonsert i august 1965. Då var Groven 19 år og ikkje så lite nervøs:

– Det var stort å skulle ha sin eigen konsert på radio, så eg var spent, fortel Sigmund Groven. Heldigvis var Johan Øian ein ekspert i å få nervøse debutantar til å slappe av:

– Han hadde alltid ei god historie eller blødme på lur som kunne avleie merksemda og dermed dempe nervøsiteten. Han kunne mange dumme kannibalvitsar, men også musikarhistorier og mykje anna.

Det skulle bli mange konsertar i lag for Øian og Groven i åra fram til Øians død: rundt 50 konsertar på radio og mange fleire på turnear rundt om i landet. Groven vart også ein jamn gjest til søndagsmiddag heime hjå familien Øian på Røa.

– Han var ein svært sjenerøs person og hans støtte betydde mykje for ein ung musikar som meg den gongen. Og han var ein strålande akkompagnatør.

Ingen norsk pianist er i den grad som Johan Øian blitt elsket av et helt folk!

Kjell Bækkelund i VG 14. 10. 1978

«Det norske folk tok ham til sitt hjerte»

Sigmund Groven minnest Johan Øians som ein svært hardtarbeidande musikar:

– Han hadde ein enorm arbeidskapasitet og alltid mange jarn i elden, seier Groven.

– Dersom han hadde ein pause under prøvene med Kringkastingsorkestret, brukte han tida til eit anna prosjekt han jobba med, enten det var musikk til eit høyrespel, til Barnetimen eller Søndagsposten.

I tillegg til NRK-jobben og komposisjon heldt Øian også ved lag verksemda som omreisande konsertpianist. På repertoaret stod mellom anna George Gershwins klaverkonsert og «Rhapsody in Blue», og Franz Liszt sin klaverkonsert nr. 1.

– Yngre pianistar som Kjell Bækkelund kom ofte innom. Eg trur dei såg opp til han på grunn av det store tekniske overskotet hans.

Kjell Bækkelund (1930–2004) skreiv mellom anna følgande i sitt minneord om Johan Øian i VG hausten 1978:

«En av våre fineste, mest vare og sensible pianister er ikke lenger blant oss. ... Det norske folk tok ham til sitt hjerte, jeg tror jeg har mine ord i behold. Ingen norsk pianist er i den grad som Johan Øian blitt elsket av et helt folk!»

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters