Live at Carnegie Hall
(1973)2 oktober 1972 er ein merkedag i gospelhistoria. Carnegie Hall i New York er fylt til randen. Likeins er kyrkja rett over vegen, der 1500 av dei som ikkje har billettar likevel får ein times ”oppvarming” med hovudattraksjonen.
Personen som kom på å ta opp denne konserten, skal ha all heider og ære. I etterkant har nemleg konserten fått ry på seg for å vere ein av dei beste som har vore halde i ærverdige Carnegie Hall. Plata kom ut eit par månadar etter, fyrst no kan alle få nyte konserten re-mastra og sjølvsagt med mykje betre lyd.
Plata blei vendepunktet i Crouch si karriere, etter fire tidlegare plater. Her får du svingande gospel akkompagnert av svært dyktige musikarar. Det er ein fryd å høyre Harlan Rogers på sitt Hammond B3. Samklangen til ”The Disciples” er på noten nøyaktig, samstundes som dei leikar seg fritt og frodig slik at du må berre bli imponert.
Plata har ei rekkje gode melodiar. Frå fyrste låt ”I don`t know why” svingar det så kraftig at du skjelv. Og har du av ein rar grunn ikkje kome heilt med i taktene får ”You don`t know what you`re missing” sjølv ateistar til å trekke på smilebandet. Her får du også ei rekkje av låtane du gjerne har høyr norske kor framført i mange år – utan å fornærme nokon som helst, det er på denne plata du får høyre songane slik dei skal framførast.
This is another day
(1976)Crouch er kjend for å eksperimentere på mange måtar. “This is another day” demonstrer dette svært så godt. Her får du meir funk, disko og soul enn kva du gjer på dei fyrste paltene til Crouch.
Andrae har og tydelegvis fått auga opp for kvalitets studiomusikarar på denne plata. Blant musikarane er namn som Leon Russel på piano – tidlegare session-musikar for bl.a. The Rolling Stones og George Harrison, samt Fred Tackett – gitaristen som Bob Dylan tok med seg på innspelinga av ”Shot of”.
”This is another day” er mykje tøffare arrangert og passar best for deg som ikkje er noko begeistra av rein gospel. Tittellåten setter standarden for plata.
Live in London
(1978) Andraé Crouch & The Disciples har turnert i over 40 land, der i blant også Noreg. Opptaka til denne plata er gjort frå verdsturneen i 1976-77. I ein full Hammersmith Odeon i London 1. Nyttårsdag 1976, blei svært mange imponert av Crouch.
Dette er altså nok ei liveplate, men kanskje ikkje likeins overbevisande som den fyrste. Det viste tydelegvis ikkje gospelframande rockejournalistar frå både NME og Melody Maker i 1976. NME skreiv følgjande om konserten: ”As a religious event this gospel invation was a triumph”. Det er ikkje ofte ein høyrer slike ord om gospel frå Englands mest annenkjende rocketidsskrift. Plata blir dessutan tildelt ein Grammy Awards.
Konserten i London byr på alle dei kjende songane frå Crouch, samt fire heilt nye songar som berre er på denne plata.
Er du på jakt etter ei lovsongsplate med eit godt over gjennomsnitts trøkk, har du funne det rette i ”Live in London”. Det blir kanskje litt for mykje prat for meg som helst vil ha musikk frå A til Å.
I’ll be thinking of you
(1979)Kjenner du ikkje noko særleg til Andrae Crouch kjenner du derimot Stevie Wonder. Tittelmelodien på denne plata framførast nemleg av Wonder, og han har også sjølv brukt songen i etterkant. I tillegg til Wonder er også Philip Bailey med på plata.
Med etablerte artistar fekk Crouch meir fokus på utgivinga, noko som førte til at det store kommersielle gjennombrotet kom.
Album har stor musikalsk spennvidde, frå den rolege og vakre tittelkuttet til tempo-låta ”I`ve got the very best”. Oslo Gospel Choir har seinare gjort sine versjonar av ”Bring back the sunshine” & ”Jesus is the lord”. Har du vore med å sunge desse songane, bør du absolutt ta ein lytt til dette her.
Andrae Crouch kan ta i mot sin tredje Grammy for ”I`ll be thinking of you”, og opptrer for 60 millionar amerikanarar under utdelinga. Eit minus med plata er at du får få songar for prisen du betalar.
Finally
(1980)Etter mykje eksperimentering er Crouch tilbake til røtene med ”Finally”. Det beste beviset på akkurat det er kanskje songen ”My Tribute”, ein av dei mest kjende frå Crouch. Sidan 1980 er denne songen oversatt til meir enn 20 språk, med kanskje Carola sin versjon som den mest kjende her i Norden. (legg likevel merke til Alfie Silas på vokal slik Crouch ville ha det i 1980)
Eit unntak frå det rolege på plata er 70-tals disco-songen “All the way”. Her kjem kanskje Abe Laboriel sine funkande bassrytmer best fram. Som annenkjend bassist i instrumentalgruppa Koinonia på 80 og 90 talet er Laboriel med på å gjeve sitt preg på denne plata. Laboriel har både skreve og arrangert fleire av songane på plata. Han er også det som gjer plata til litt meir enn berre ei gospelplate med rolege melodiar. Hadde det ikkje vore for Laboriel hadde plata kanskje fått litt for lite særpreg. Det er tydeleg at Crouch har brukt bassisten svært aktivt.
Oslo Gospel Choir fans vil og kunne kjenne seg godt i igjen på denne plata.