Hopp til innhold

Adoptivforeldre reagerer på Strømøy

Adoptivforeldre reagerer på at NRKs Tore Strømøy hjelper biologiske foreldre å oppsøkje sine bortadopterte barn.

Tore Strømøy
Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Dei er kritiske til at TV-teamet tek kontakt med adoptivfamiliar som ikkje sjølv har bede om å bli med i programmet Tore på sporet, og no har 21 familiar skrive eit brev til programleiaren.

- Vi reagerer på etikken, i Noreg er adopsjonsprosessen lukka. Det er barnet som har retten til si historie, ikkje adoptivforeldra eller dei biologiske foreldra. Men her hjelper Strømøy den biologiske familien, seier Marthe Bowitz-Knudsen.

Marthe Bowitz-Knudsen ventar sitt første barn om to veker, ein gut som snart kjem til Noreg. Ho er ein av dei som står bak brevet til Tore Strømøy.

Mora leitte etter sonen

I Noreg har adoptivbarn rett til å få informasjon om sine biologiske foreldre når dei vert myndige, slik at dei kan kontakte sitt biologiske opphav dersom dei ynskjer det. Men biologiske foreldre har ingen rett til å oppsøkje barn dei har adoptert vekk.

I programmet som vart sendt i går hjelpte Tore Strømøy koreanske Hyang Sook-Kang med å finne sonen, som vart vekkadoptert til Noreg då han var fem år. Etter at foreldra skilde seg var planen at sonen skulle bu hjå faren til mora hadde pengar til å forsørgje guten. Men faren og bestemora adopterte guten vekk utan at Hyang Sook-Kang visste det.

Tore Strømøy og Hyang Sook-Kang

I programmet som vart sendt 25. oktober hjelpte Tore Strømøy koreanske Hyang Sook-Kang til å finne sin vekkadopterte son.

Foto: NRK

Kontakta adoptivforeldra, ikkje sonen

Tore Strømøy presiserer at han kontakta adoptivforeldra, og ikkje kontakta adoptivsonen direkte. Programleiaren har også tidlegare fått kritikk for programmet Tore på sporet.

Han seier at det var eit vanskeleg val å fortelje denne historia, men at dei har teke alle omsyn.

- Ein må alltid vurdere historia, men då eg høyrde denne historia var eg ikkje i tvil om at eg ville prøve å hjelpe ho, seier Strømøy.

Ifølgje Tore Strømøy har adoptivfamilien opplevd denne hendinga som noko positivt.

- Lagar underhaldning av adopsjon

Marthe Bowitz-Knudsen reagerer på at statskanalen NRK lagar underhaldning av dette. Ho seier at ho ikkje har noko imot at adoptivbarn skal få finne dei biologiske foreldra sine, men ho meiner at det må vere på barna sine premiss.

- Tore Strømøy lagar underhaldning, eg trur ikkje han gjer dette av altruistiske grunnar, seier Bowitz-Knudsen.

Men at Tore på sporet er eit undehaldningsprogram er ikkje Tore Strømøy samd i.

- Ein kan kanskje kalle det underhaldning, men eg kallar det ikkje det. Det er eit dokumentarprogram som fortel ulike historier frå livet, seier Strømøy.


Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor