Hopp til innhold

– Nedlatande mot pornoskodespelarane

Sosialantropolog Mats Alnæs studerte pornoskodespelarar i USA og budde blant dei i sju månader. Pornodebatten leda av Kari Jaquesson er nedlatande mot pornoskodespelarane, meiner han.

Nakenbilde med mobiltelefon

Illustrasjonsbilete: Ein tilskodar tar bilete under eit pornoshow på messa Erotica Dream i Nice i Frankrike i 2010.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Mats Fredrik Oemichen Alnæs har gjort ei sosialantropologisk studie utanom det vanlege. Han budde sju månader i San Fernando Valley i California, der mesteparten av pornoen i USA blir produsert. Han intervjua og følgt ei rekkje pornoskodespelarar.

Alnæs har studert dei medan dei var på settet og har sex framfor kamera, men også då dei hadde fri og levde privatliva sine. Det enda i masteroppgåva «Talent – ein studie av pornoindustrien i San Fernando Valley».

Mats Alnæs

MASTEROPPGÅVE: Mats Alnæs publiserte masteroppgåva i 2008 og har sidan vore aktiv i pornodebatten, blant anna på NRK Ytring.

Foto: Privat

Trakkar på pornoskodespelarane

I haust har Kari Jaquesson fronta kampanjen «Stopp pornokulturen» som Kvinnegruppa Ottar står bak. Kari Jaquesson har blant anna skrive i Dagbladet at det meste av pornoen ein ser i dag viser kvinner som blir misbrukt og utnytta.

Alnæs seier at pornoskodespelarane han har intervjua og følgt fortel noko anna. Ifølge sosialantropologen er det dei fordømmande haldningane frå samfunnet som er det største problemet for dei:

– Det som eg fann i mine studiar og intervju er at dei ikkje har noko problem med det dei gjer i filmane. Det som er vanskeleg for dei er å møte dei haldningar og verdiar og korleis andre ser på sex. Det er haldningar om Jaquesson representerer som er mest skadeleg for dei. Dei oppfattar seg sjølve ikkje som misbrukte og er veldig klar over kva dei gjer. Å sei at desse blir misbrukte og utnytta er nedlatande mot dei.

(Saka fortset under bildet)

Pornobildene B2

KRITISK: «Stopp pornokulturen» fronta av Kari Jaquesson meiner at foreldre som ein del av å oppdra dei unge, bør styre dei vekk frå nettporno.

Foto: Isak Ladegaard

– Har ikkje kvalar med sexen

– Det blir vist til ekstreme handlingar som kan vere fysisk skadelege, kva seier du til det?

– Eg såg ikkje nokon som var fysisk skadde av det dei gjorde i løpet av dei sju månadane, så det blir vanskeleg å kommentere.

– Oppfattar du at dei hadde det godt med seg sjølv og med det dei gjorde?

– Det var ikkje dei store kvalane der, med sexen framfor kamera. Men dei møter eit stort press frå samfunnet utanfor og dei er ofte oppdratt til heilt andre verdiar.

– Det blir sagt at spesielt jentene blir utnytta og manipulerte. Er det ingen utnytting i pornobransjen?

– Om det noko form for utnytting, må det vere ein form for dårlege arbeidsvilkår. Det er ein del av det som er regulert, men mi oppfatning er at det ikkje er i nærleiken av rettane ein har som arbeidstakar i det norske arbeidslivet.

Ane Stø

KRITISK: Ane Stø, leiar av Kvinnegruppa Ottar og medlem av Stopp pornokulturen meiner Alnæs si studie ikkje er tilstrekkeleg. Ho meiner å følge pornoskodespelarane i sju månader ikkje er noko for å få eit reelt bilde om kva porno-arbeid gjer med dei og kva eventuelle skader dei får.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Latterleg påstand

Det lukkast ikkje NRK etter fleire forsøk å få ein kommentar frå Jaquesson. Men leiar av Kvinnegruppa Ottar, Ane Stø, svarar på vegne av Stopp pornokulturen. Ho er ikkje einig i at hennar haldningar er det som skadar dei som er med i porno:

Det er ein heilt latterleg påstand. Det er pornoprodusentar som utnyttar kvinner og nokre menn i ein sårbar posisjon. Dei lever av å bli trakassert. Pornoindustrien verkar glamorøs. Det reelle er at når ein skal ha røff sex med framande i ein arbeidsdag opp i ti timar, så får ein fysiske skader som nedfallen anus og gonore i auget. Skader som er livsvarige.

–​ Pornoskodespelarane svarar til Alnæs at dei sjølv ikkje oppfattar seg som offer eller misbrukte?

– Skal han finne ut av dette må ein snakke med dei lengre enn sju månader. Det kan godt hende at han har kome tett innpå dei, men det tar lang tid å kome bak fasaden. Ein veit av erfaringane frå prostitusjon og porno at historiene dei fortel er heilt anna etter at dei kjem seg ut av prostitusjonen.

Nokon vil sei at langt frå all porno er ekstrem og at det er mykje porno som viser heilt ordinære sexhandlingar?

– Forsking viser at den brutale pornoen er den som er mest populær, seier Stø i Ottar og viser til ei undersøking frå USA og National Institute of Health.

Tala frå 2010 viser at i 304 studerte scener så blei det brukt fysisk aggresjon i 88 prosent av videoane.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters