– Eg trur at dei vil tape på dette og at nokre annonsørar kjem til å trekke seg eller vegre seg for å starte samarbeid. Ein del bedrifter vil reagere på dette og finne andre stader å annonsere eller marknadsføre produkt, seier Aimar Niedzwiedzki, i Mediacom.
Bloggen blei først tatt for å ha publisert manipulerte bilder og no har dei innrømma å ha skrive under falske navn slik at ein trur det er lesarane som står bak kommentarar på blogginnlegga.
–Har samfunnsansvar
Niedzwiedzki er leiar av ei avdeling i Mediacom som blant anna kjøper inn annonseplassar i sosiale medier og bloggar. Han meiner at bloggarar har eit ansvar for det dei skriv:
–Driv ein blogg eller nettside så har følger det eit samfunnsansvar for at det som står der skal vere sant og rett.
Ein av dei to eigarane av "Fotballfrue", Lars-Kristian Eriksen, har innrømma til VG at han har kommentert i bloggen under falsk namn. Lesarar har også publisert skjermdump frå bloggen som kan tyde på at ein av dei to har kommentert innlegg der dei utga seg for å vere lege og ernæringsfysiolog.
– Vil slite med produktet
Kjetil Mannheim er dagleg leiar av Blogg.no, Noreg sitt største bloggsamfunn. Han seier at det har skjedd at bloggarar har juksa og skrive med falske namn i kommentarane før. Men, dette er ikkje vanleg:
–Heile bloggen si truverd som annonseprodukt handlar om forholdet til lesarane. Om dette viser seg å ikkje vere ekte så slit bloggaren veldig med produktet sitt. Då slit ein både ovanfor annonsørane og lesarane, seier Mannheim.
Tente 3,2 millionar
Bloggen Fotballfrue har mellom 60-70.000 daglege lesarar og har ofte vore den mest leste bloggen i Norge. I 2013 så omsette selskapet bak bloggen, Treasures AS, for 3,2 millionar kroner. Caroline Berg Eriksen og Lars-Kristian Eriksen eig begge kvar 50 prosent av Treasures.
I Brønnøysundregistra så står det at selskapet driv med:
"Detaljhandel og nettbutikk av smykker, vesker, sko og liknande til privatkundar. Nettbutikken marknadsførast også via blogg, som seljar annonseplass til bedriftskundar".
Verken Caroline Berg Eriksen eller Lars-Kristian Eriksen har svart på NRK sine tilbod om intervju. Caroline Berg Eriksen er utdanna journalist og Lars-Kristian Eriksen spelar i eliteserien i fotball for Odd Grenland.