Ultima-festivalen har sidan 1991 vore landets viktigaste festival for samtidsmusikk og tilgrensande kunstformer.
Den største stjerna som kjem til hovudstaden i år er nok den amerikanske vokalisten Diamanda Galás, som både skal halde solokonsert i Vigelands mausoleum og konsert saman med Kringkastingsorkestret.
Sistnemnde konsert vert hennar debut med orkester, og musikken er spesialarrangert av den norske komponisten Jon Øivind Ness.
– Opningskonserten vender seg til heile byens befolkning
Opningskonserten for årets Ultima-festival er gratis og finn stad i Oslo Rådhus torsdag kveld. Bodil Maroni Jensen, programleiar i NRK P2s Musikk i brennpunktet, trur denne konserten vert eit høgdepunkt under årets festival, som varer til og med laurdag 15. september.
– Opningskonserten seier noko viktig om årets festival, seier Bodil Maroni Jensen.
– Konserten vender seg til heile byens befolkning. Festivalsjef Lars Petter Hagen har sagt at han vil skape eit festspel – ikkje berre ein festival for musikken, men eit festspel for eit samansett publikum.
Koplingar mellom musikk og teknologi er i fokus for opningskonserten med Oslo Sinfonietta og Det Norske Solistkor. Musikken er av amerikanske Morton Feldman, litauiske Ignas Krunglevicius (bur i Oslo) og danske Simon Steen-Andersen. Dei to siste får heilt ny musikk framført:
– I Krunglevicius' Gradients lagar musikarane og songarane lydar som triggar tekst på ein skjerm på veggen. I Steen-Andersens Black Box Music har slagverkaren Haakon Stene hendene i ei lita, svart boks, der han lagar bittesmå lydar som vert forsterka ut i høgtalarar.
– I den svarte boksa er det også eit kamera, så publikum kan sjå kva han gjer. Boksa er ein teaterscene, der hendene hans er aktørane, og det heile vert blåst opp på eit enormt lerret. Kunstnariske idéer vert fortalt på ein ny og humoristisk måte.
– Han kastar om på konvensjonane
Kanonhallen på Løren i Oslo er komande helg arenaen for installasjonen og musikkteateret «Stifters Dinge» – signert tyske Heiner Goebbels, som i mars vart tildelt den internasjonale Ibsenprisen på 2,5 millionar kroner.
– Han er både komponist og regissør, men det vert feil å peike på slike kjende merkelappar, seier Jensen.
– Han arbeider ganske annleis. Han let alle elementa i ei framsyning vere likeverdige. Lyssetjinga eller rekvisittane kan ha like stor betydning som musikken.
I «Stifters Dinge» brukar Goebbels intervjuopptak saman med skjønnlitterære tekstar, sjølvspelande piano, bobler og mykje anna, og i framsyninga «Eraritjaritjaka» på Nationaltheatret koplar han forfattaren Elias Canettis dagbøker med musikk av Bach, Sjostakovitsj og Gavin Bryars.
– Han er utdanna komponist, men er utradisjonell på alle vis og kastar om på konvensjonane i teater og opera. Difor har han arbeidd mest utanfor dei store institusjonane – det er for vanskeleg å få det til der. Det å bli framført på Nationaltheatret er til dømes uvanleg for han.
Les:
– Må utvikle nye alliansar
Ultima-festivalens råd har 18 medlemer – større og mindre ensemble og institusjonar i norsk musikkliv. Jensen framhevar at store, etablerte aktørar som Oslo-Filharmonien har ei særskilt viktig rolle overfor publikum:
– Alle er nøydde til å fornye seg og utvikle nye alliansar med eit nytt publikum, ikkje berre dei mindre, frie ensembla, seier Jensen.
Oslo-Filharmonien skal fredag 14. september spele Rolf Wallins Manyworlds frå 2010 og Luciano Berios Sinfonia frå 1968.
– Mange vil seie at Rolf Wallin er den fremste norske samtidskomponisten – ved framføringar av Manyworlds høyrer også 3D-video med. Det kan ein gjere i Oslo Konserthus – kanskje det burde brukast oftare? Berios Sinfonia er ein moderne klassikar, og det er viktig for publikum å få det med seg når orkesteret gjer noko anna enn vanleg.
– Det er slutt på motstanden mot det nye
Jensen trur festivalen spelar ei viktig rolle overfor institusjonar som Oslo-Filharmonien:
– Ultima-festivalen har nok ei viss oppdragande rolle overfor dei tradisjonelle institusjonane. Det er eigentleg slutt på motstanden mot det nye, men ein er nok litt redd for å miste det publikummet ein har.
Avslutningskonserten for festivalen finn stad på Rockefeller. Den er eit av mange døme på sjangeroverskridande arrangement – Jaga Jazzist skal stå på scenen saman med det britiske kammerorkesteret Britten Sinfonia.
– Dei to ensembla har allereie opptredd i England med stor suksess, så dette er ein kombinasjon som ein veit slår hardt, seier Jensen.
– Avslutninga seier noko viktig ikkje berre om Ultima, men om heile musikklivet – det er mykje samarbeid og stor openheit mellom musikarar frå ulike sjangrar.