Hopp til innhold

– Den er som ei skrytete statuslinje på Facebook

Lene Kongsvik Johansen har ei høne å plukke med Postgirobygget sin song «En solskinnsdag». Den får ho nemleg til å vilje slå seg sjølv i hovudet med ei steikepanne.

Lene Kongsvik Johansen i Lene for president

Lene Kongsvik Johansen i showet «Lene for president».

Foto: NRK

Komikar Lene Kongsvik Johansen er midtpunktet i suksess-serien «Kongsvik ungdomskole», der ho spelar alle rollane, og ho vart kåra til årets mest morsosame i fjor.

Men alt er ikkje berre moro for humoristen. Til dømes har ho eit stort mishag mot songen som for mange er sjølve lydsporet til sommaren.

– Ein av grunnane til at eg takka ja til å vere med i «Sommer i P2», er at eg vil setje ord på kvifor «En solskinnsdag» med Postgirobygget ikkje gjer meg sommerglad, nynnande og lett til sinns, men ubekvem, hissig og olm, seier Kongsvik Johansen i programmet Sommer i P2 .

Gladlaks

Om du ikkje allereie kan teksten utanåt, her er eit utdrag. Me gjer merksame på at det er stor fare for at det kan oppstå nynning i hovudet ditt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– For ein irriterande fyr. Heile songen er som ei skrytete statuslinje på Facebook frå ein fjern, irriterande kjenning. Ein sjølvtilfreds og eplekjekk gladlaks med sjelsliv som ein 12-årig gutunge, glad i vannski og fascinert av pupper og utan ei einaste dyster tanke i livet, seier Kongsvik Johansen.

Grandis utan paprika

Du si meg har du det bra
Jo takk skal du ha
Jeg har det bedre enn de fleste her tilstede
Jeg smiler hver dag
Fordi jeg er glad
Det er så fint å leve si meg kan du ikke se det...

Kongsvik ser føre seg korleis denne fyren i songen hadde vore å ha som kjærast. Det er ifølgje ho ikkje eit pent syn.

– Om han blir saman med, eller kanskje flyttar saman med denne jenta som han sjekkar opp i songen, fortset han å ture fram som eit forvokst barn. Det er ho som må vaske dei sure tennissokkane hans, steike Grandisen hans, truleg den utan paprika, og sjå på dei barnslege seriane med guttehumor og action som han likar på TV, seier Kongsvik Johansen.

Kronisk trassalder

Kva er så forklaringa på denne aversjonen mot ein uhøgtidleg og lett sommarsong som tilsynelatande ikkje har gjort nokon noko vondt?

– Eg trur noko av det kan kokast ned til at denne songer er elska av «alle». Trass i at eg nettopp har runda 40, befinn eg meg i ein slags kronisk trassalder som gjer meg tilbøyeleg til å ville meine motsatt, seier Kongsvik Johansen.

Vokalist og tekstforfattar Arne Hurlen i Postgirobygget ville ikkje uttale seg om denne saka til NRK.no.

Hør hele programmet i Hør NRK P2 direkte :

– Jeg skal prøve å forklare at det at jeg er såpass sær og plaget, nettopp har ført meg inn i humoren, forteller Lene Kongsvik Johansen i Sommer i P2 tirsdag 14. august kl. 15.03, med reprise onsdag 15. august kl. 10.03.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.