Hopp til innhold

Vann internasjonal radiopris

NRK-programleiar Torun Kirby Torbo vann førsteprisen for beste musikkprogram med «En fløyte i isen» under Prix Italia 2011, ein av verdas mest prestisjefylte mediekonkurransar.

Torun Kirby Torbo

Torun Kirby Torbo tek imot prisen i Torino fredag kveld.

Torun Kirby Torbo, som til dagleg jobbar som journalist i musikkredaksjonen i NRK på Marienlyst, var svært begeistra etter å ha fått vite om førsteprisen:

– Å vinne prisen betyr svært mykje for meg, det er noko av det største ein kan oppnå som radiojournalist, seier ho, nærmast på veg ut av kontoret – mot flyplassen og vidare til Torino, der ho tek imot prisen fredag kveld.

Prix Italia vart oppretta i 1948, og i år konkurrerer meir enn 90 kringkastarar frå heile verda om gjeve prisar for radio, tv og nett.

Høyr vinnarprogrammet her:

Ei unik fløytehistorie

«En fløyte i isen» tek utgangspunkt i eit velkjent stykke polarhistorie: Vinteren 1596-1597 sat den berømde nederlandske oppdagaren Willem Barents fast i isen på Novaja Semlja i Nordishavet, der han i lag med mannskapet bygde ei hytte i isen. Dei fleste av mannskapet overlevde turen, men Barents døydde i juni 1597.

Ein av dei få tinga mannskapet hadde å trøyste seg med, var ei traversfløyte frå heimlandet, bygd i Amsterdam. Hytta deira vart gjenoppdaga i 1871 av norske Elling Carlsen, og fløyta var ein av gjenstandane han tok med seg til Rijksmuseum i Amsterdam.

Det er ikkje mogleg å spele på fløyta i dag, sjølv om ho er godt bevart, men det er laga svært gode kopiar. Ein av desse, laga av den israelske fløytebyggjaren Boaz Berney, blir i dag brukt av Paul Wåhlberg i Tromsø-ensemblet Lux Borea. Både Wåhlberg og Berney er med i programmet – det er også polararkeolog Dag Nevestad, som fortel om livet i hytta på isen.

– Brukar musikaliteten når eg lagar radioprogram

Den nybakte prisvinnaren er raskt ute med å dele æra for programmet:

– Eg stod for det kreative, men eg fekk veldig god hjelp frå mange andre, særleg frå kollega Anne Christine Bratt, som var konsulent for programmet, seier Torun Kirby Torbo.

Torbo er sjølv fløytist, og fekk god nytte av erfaringa si som musikar då ho laga programmet:

– Eg har også fått mange gode innspel frå ektemannen min, Paul Kirby, som også er musikar. Vi tenkjer begge to alltid på å fortelje ei historie når vi held konsertar. Eg har ikkje jobba så lenge som radiojournalist, men bakgrunnen som utøvande musikar er eit godt grunnlag, for eg brukar musikaliteten også når eg lagar radioprogram.

Programmet har tidlegare vore sendt i «Kort og klassisk», og i utvida versjon i «Musikk i P2».

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.