Hopp til innhold

Denne filmen må kinesarane sjå

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Filmen «Partiets grunnleggelse» skal setja publikumsrekord. Det har kinesiske myndigheiter bestemt.

Torbjørn Færøvik

Torbjørn Færøvik meiner filmen viser at kommunistpartiet er desperate etter å halda på autoriteten sin.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Kinesarane går til kinosalen fordi dei er utkommanderte frå statsbedriftene, departementa og ministeria. Filmen vil nok nå målet om 30 millionar besøkande, men på ein kunstig måte.

Det seier Torbjørn Færøvik, historikar og Kina-kjennar.

Storfilmen "Partiets grunnleggelse" går i desse dagar på kinesiske kinoar. Den mest påkosta filmen i kinesisk historie er ei nostaligisk hyllest til kommunistpartiet i Kina, som feirar 90 år.

Stenger ute Transformers 3

Kinesiske myndigheiter vil at filmen skal setja publikumsrekord, og tek i bruk alle metodar for å nå dette målet.

Storfilmar frå Hollywood, som «Transformers 3» og «Pirates of the Caribbean», vart tekne av plakatane fram til feiringa av partiet var over. Negative filmomtalar blir sensurerte. Dessutan har kinesiske bloggarar meldt om at kinoane har manipulert billettsalet.

Les the Hollywood Reporter sin anmeldelse av filmen her.

Torbjørn Færøvik meiner filmen har som mål å oppretthalda autoriteten til kommunistpartiet.

– Partiet har eit konstant behov for å legitimera sin eigen eksistens, og går aldri av vegen for å omskriva partihistoria, seier Færøvik.

Han meiner det er påfallande at filmen gjev Mao Zedong ei framtredande rolle i oppstarten av kommunistpartiet.

– Filmen gjev eit inntrykk av at Mao var den store leiaren i partiet alt den gong. Det samsvarer ikkje med røynda, og er eit ledd i omskrivinga i historia, seier Færøvik.

Kina kommunistparti jubileum

Det kommunistiske partiet i Kina feirer 90-årsjubileum.

Foto: PETER PARKS / Afp

«Først og fremst propaganda»

Det er ikkje første gong kommunistpartiet lagar film om seg sjølve. Då Folkerepublikken Kina fylte 60 år for to år sidan vart det laga ein nesten identisk film.

Filmanmelder i Dagbladet, Inger Bentzrud, var den gong i Kina og såg filmen.

– Det var ein moderne action-film med mange slagscener og tydelege heltar og skurkar. Som underholdningsfilm var den absolutt verd å sjå. Samstundes hadde filmen ein veldig politisk korrekt historie, den var først og fremst propaganda, seier Bentzrud.

Høyr saka frå Kulturnytt her.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters