Hopp til innhold

Danmarks Radio er kristna

Danske politikarar har pålagt Danmarks Radio (DR) å ta spesielt vare på den kristne kulturarven. Kritikarar fryktar ein misjonerande statskanal.

Gudsteneste i DR Kirken

Dette kan det bli meir av i Danmarks Radio. Frå TV-sendinga til DR Kirken, som sender gudstenester spesielt tilpassa TV. Her med sokneprest Sørine Gotfredsen og ein DR-programleiar.

Foto: DR

Ansvar for den kristne kulturarven er no blitt ein del av Danmarks Radio (DR) sine forpliktingar overfor publikum. I førre veke underskreiv DR og den danske kulturministeren den nye allmennkringkastar-plakaten, som seier at DR spesielt skal ta vare på formidlinga av «den kristne kulturarven», melder danske aviser.

I den førre avtalen frå 2007 var DR plikta til å ta vare på «den danske kulturarven».

Åtvarar mot korstog

Dette har skapt stor debatt i Danmark.

– Det er ein måte å ta oss alle saman som gislar på i eit nasjonalistisk kristent prosjekt, seier lektor i religionshistorie ved Københavns Universitet, Mikael Rothstein, til Dagbladet Information.

– Viss ein legg seg på ei bestemt ideologisk og verdimessig line, så risikerer vi at DR ikkje lenger verkar samlande, men ekskluderande. Noko tyder på at det her ikkje berre er blitt ført mediepolitikk, men også verdipolitikk, seier han.

Kristenkravet kan bli fjerna

Den politiske opposisjonen er heller ikkje nøgde med avgjerda.

Holger K. Nielsen

Dersom Holger K. Nielsen og resten av Socialistisk Folkeparti får makta ved neste val, vil dei fjerne det nye kristenkravet.

Foto: Henrik Sørensen / Folketinget

– Det er ingen grunn til å skrive noko om kristendom inn i allmennkringkastar-plakaten. Det er uttrykk for ei snever oppfatning av kva dansk kultur er, seier mediepolitisk talsmann i Socialistisk Folkeparti, Holger K. Nielsen, til Dagbladet Information.

Dersom Socialistisk Folkeparti og Socialdemokratiet får makta etter neste folketingsval, som seinast vil vere i november i år, vil dei fjerne kristenkravet. Plakaten gjeld egentlig fram til 2014.

Vil redde morgonandakta

Kulturminister Per Stig Møller har forklart at det spesielt er på grunn av morgonandakta på radioen at denne endringa er viktig.

Morgonandakta har stått i fare for å bli nedlagt, og det er blant anna for å bevare den på sendeflata at den nye formuleringa har kome til i allmennkringkastar-plakaten.

Kulturministeren seier til Dagbladet Information at han synest det er grunn til å understreke at den kristne kulturarven er ein del av den danske kulturen.

Kulturminister Per Stig Møller

Kulturminister i Danmark, Per Stig Møller, synest det er grunn til å understreke at DR har eit ansvar for den kristne kulturarven.

Foto: Lars Grunvald

– I ei globalisert og meir konfronterande verd er vi nøydde til å presisere for oss sjølve kva vi står for, seier han.

– Lyg kristendommen ned til ingenting

Kristeligt Dagblad melder at fleire gleder seg over den nye kontrakten.

Dei skriv i ein leiarartikkel at «den nye vesle tilføyinga er eit nødvendig bolverk mot den sekularistiske tenkinga, som lyg verdien av kristendommen ned til ingenting.»

Politiken skriv derimot i sin leiarartikkel at «politikarane lurer kristendommen inn bakdøra ved å bruke public service-omgrepet. Korsriddarane i DR-styret har no fått enda ein retorisk stokk å pryle dei DR-tilsette med, dersom dei ikkje i tilstrekkeleg grad står vakt om ‘den kristne kultur’. DR skal skubbast fremst i den reaksjonære kulturkampen mot humanisme og toleranse.»

NRK-andakt

Også her i Noreg har det vore debatt om morgonandakta til NRK. Det har mellom anna blitt foreslått å la andre trussamfunn få sleppe til med forkynning på statskanalen.

– I NRK-plakaten er det slått fast at NRK skal spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet. Det er derfor ein naturleg del av NRKs allmennkringkastingstilbod at NRK formidlar gudstenester, uttalte kulturminister Anniken Huitfeldt i 2010 til Journalisten.

DR skal leggje særskilt vekt på si rolle som initiativtakar til og formidlar av dansk kunst og kultur, herunder den danske kulturarv.

DR-plakaten 2007

DR skal leggje særskilt vekt på si rolle som initiativtakar til og formidlar av dansk kunst og kultur og den danske kulturarv, herunder den kristne kulturarv.

DR-plakaten 2011
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters