Sølvguttene starta sitt travle juleprogram allereie 25. november, og fram til julaftan heldt koret meir enn 50 julekonsertar. Etter den faste romjulspausen sette koret mandag i gang opptaka til årets julekonsert.
Slitne gutar
Fredrik Otterstad har dirigert samtlige konsertar i jula, medan gutane i koret vekslar på å vere med. Dei yngste i koret, som er berre seks år gamle, er med på nokre få konsertar den første sesongen. Likevel vert gutane slitnare enn elles i året:
– Vanlegvis er det masse liv og skravling på vegen heim etter konserten, seier dirigenten.
– Etter konsertane i desember er det derimot ikkje uvanleg at mange av gutane sovnar i bussen.
Les:
Lang tradisjon
«Sølvguttene synger julen inn» er mellom NRKs mest populære tradisjonar, og starta så langt tilbake som i 1965. Dirigent Fredrik Otterstad var med på sin første julekonsert som sølvgutt i 1983, og kan ikkje huske anna enn at konserten har vorte spelt inn i januar.
– Det er ei veldig praktisk ordning for oss i koret, seier Fredrik Otterstad.
– Førjulstida er frykteleg travel for oss, og det er betre å spele inn konserten no enn til dømes i oktober – no har vi jo sunge gjennom repertoaret mange gonger.
Sjå i nett-tv: Sølvguttene feirer 70 år