Hopp til innhold

Mannsdominerte radiospelelister

Berre 9 av dei 100 mest spelte norske musikarane på radio er kvinner.

Marit Larsen

Marit Larsen er ei av ni kvinner på lista over dei 100 mest spelte norske artistane på radio.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ny statistikk frå vederlagsbyrået Gramo viser at det er svært få kvinner på lista over norske musikarar som får mykje speletid på radio.

– Det er veldig synd, særleg i dag, for vi har så mange flotte kvinnelege musikarar, seier leiar i artistorganisasjonen Gramart, Elin Aamodt.

Færre kvinnelege musikarar

Elin Aamodt

Elin Aamodt synest det er synd at så få kvinner er representert på lista.

Foto: Kristian Rostad / NRK

Statistikken til Gramo frå 2009 viser altså at norske kvinner får lita speletid på radio. Berre 9 av dei 100 mest spilte musikarane på radio er kvinner, og samla går under 16 prosent av pengane musikarane får for radiospeling til kvinner.

Tala er heller ikkje på veg oppover, men viser tvert imot ein nedgang på 2 prosent sidan 2006.

Elin Aamodt meiner det er fleire grunnar til at det er slik.

– Hovudgrunnen er at det dessverre finst færre kvinnelege musikarar enn mannlege i dag. Men denne statistikken bør vere ei oppfordring og utfordring til radiokanalane, inkludert NRK til å spele fleire kvinner.

– Dette er eit tema som dukkar opp frå tid til anna, og det er sjølvsagt ikkje bra at det er så skeivt. Men det er no ein gong slik at det er fleire menn enn kvinner som driv med musikk, og det viser att i statistikken, seier musikksjef i NRK, Knut Henrik Ytre-Arne.

– Må setje inn tiltak tidlegare

Heidi Stavrum

Heidi Stavrum

Foto: www.hit.no

Aamodt får støtte frå Heidi Stavrum som har forska på likestilling i musikkmiljøet. Hun stadfestar at mykje av grunnen til den låge kvinnedelen, er at fleire menn enn kvinner vel å verte turne- og studiomusikarar, produsentar, komponistar og låtskrivarar. Dermed er det menn som tener pengar.

– Viss vi det skal vere eit kulturpolitisk mål med likestilling i kulturfeltet og musikkbransjen, må vi vurdere å gjere noko. Dei som vel ut kva artistar som vert spelt på radio må sjå nærare på kva dei vel, seier Heidi Stavrum.

Ho trur også at ein må ta tak i dette på eit lågare nivå.

– I det unge folk bestemmer seg for kva instrument dei skal spele, så må ein oppfordre fleire jenter til å spele bandinstrument.

Meiner sjølvtillit er stikkord

Simone Larsen

Simone Larsen hamna på ein 44. plass over dei mest spelte norske artistane på radio.

Foto: Thomassen, Christian / Scanpix

Artisten Simone Larsen, kjend frå gruppa D´Sound ligg på 44. plass på lista over musikarar som toppar radiolistene. Ho skriv også musikk for nye norske namn som Donkeyboy og Bjørn Johan Muri.

– Eg trur at veldig mange jenter har skrive musikken sin berre til seg sjølv. Eller dei vel å framføre andre folk sin musikk, og kanskje ikkje har nok sjølvtillit til eigne ferdigheiter på melodi og tekst, seier Simone Larsen.

Ho har ein klar ide om kva som skal til for å få fleire kvinner inn på lista over dei mest spelte artistane på radio.

– Eg trur at ein god dose sjølvtillit, og kanskje det å skrive for, og saman med andre kan hjelpe. Det finst inga oppskrift på såkalla airplay.

Medviten strategi i P3

Mats Borch Bugge

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge .

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

I P3 har dei ein strategi om å spele meir kvinner på radio, kan musikksjef i P3 Mats Borch Bugge fortelje.

– Vi er medvitne på det å spele kvinnelege utøvarar, fordi vi vil ha dynamikk i musikken vi speler. Om lag ein tredjedel skal vere kvinner, seier Mats Borch Bugge.

Dette målet ligg dei av og til litt over og av og til litt under, denne veka er kvinnedelen på P3 28 prosent. Men dette gjeld låtar med kvinnelege vokalistar, og målet tek ikkje omsyn til om dei kvinnelege artistane er norske eller utanlandske.

– Men vi prøver medvite å backe opp norske kvinnelege artistar, fordi dei er mange færre enn mannlege musikarar, seier Mats Borch Bugge.

Han er samd i at det er eit problem at statistikken er så skeiv i eit likestilt samfunn, men for at dette skal endrast meiner han at fleire kvinner må satse på musikk.

– Ta fram gitaren, eller sett deg bak pianoet og spel gode låtar – og bevis at kvinner er like gode som menn, er oppfordringa frå Mats Borch Bugge.

Studiomusikar toppar blant kvinnene

Dorthe Dreier, som ligg øvst av kvinnene, på ein åttande plass, spelar bratsj på mellom anna plater at A-ha, Cumshots og Oslo Filharmonien. Også Cecilia Gøtestam på ein 75. plass er studiomusikar.

Elles blant dei mest spelte kvinnelege norske artistane finn vi kjende namn som Marit Larsen (67.), Lene Marlin (70.), Tone Damli Aaberge (73.), folkemusikar Kirsten Bråten Berg (80.), Mari Boine (87.) og Anneli Drecker (96.).

Det er gramo som har sett saman statistikken, som er basert på rapportar registrert per juli 2010. Statistikken omfattar radiospeling av utgjevingar på P4, RadioNorge og NRK-kanalene P1, P2, P3, distriktskontora (17 stk), Sami Radio, Klassisk, Folkemusikk, Jazz og mP3.

Under kan du sjå heile oversikta over dei mest spelte utøvarane på norsk radio. Lista inkluderer både kjende artistar, og musikarar som har vore med på innspelingar av andre sine plater.

Dei mest spelte norske artistane

DEI MEST SPELTE NORSKE ARTISTANE

 

PLASSERING

NAMN

1

GEIR SUNDSTØL

2

VEGARD JOHNSEN

3

MORTEN HARKET

4

ESPEN BERG

5

BØRGE PETERSEN-ØVERLEIR

6

KÅRE CHRISTOFFER VESTRHEIM

7

PAUL WAAKTAAR-SAVOY

8

MAGNE FURUHOLMEN

9

ERLAND DAHLEN

10

JONAS LIE THEIS

11

DORTHE DREIER

12

JØRN KRISTIAN DAHL

13

BØRGE FJORDHEIM

14

NIKOLAI HÆNGSLE EILERTSEN

15

STEIN AUSTRUD

16

PER ØYVIND HOUMB

17

SIMEN MATRE ERIKSRUD

18

BERNT RUNE STRAY

19

ØYVIND FOSSHEIM

20

LARS CHRISTIAN FOLKVORD

21

ANDRÉ ORVIK

22

BJØRN SÆTHER

23

JONNY SJO

24

MARTIN WINDSTAD

25

JARL AANESTAD

26

KNUT BUEN

27

HANS-JOSEF GROH

28

JØRN CHRISTENSEN

29

RUNE ARNESEN

30

LARS FREDRIK BECKSTRØM

31

HANS OLAV SOLA JONSEN

32

KJARTAN ARILD KRISTIANSEN

33

LARS LILLO-STENBERG

34

TOMMY KRISTIANSEN

35

MAGNUS GRØNNEBERG

36

ERIK A. S. HOLM

37

AGNE SÆTHER

38

FRODE LARSEN

39

BJØRN EIDSVÅG

40

SIVERT HØYEM

41

KURT-ERIK NILSEN

42

JØRN HALBAKKEN

43

KYRRE FRITZNER

44

SIMONE LARSEN

45

FRODE JACOBSEN

46

KARL OLUF WENNERBERG

47

TORBJØRN BRUNDTLAND

48

IVAR THORMODSÆTER

49

ANDERS ENGEN

50

SVEIN BERGE

51

TORBJØRN ØKLAND

52

KENNETH EKORNES

53

MIKKEL STORLEER ERIKSEN

54

PER HILLESTAD

55

HELGE ANDREAS NORBAKKEN

56

MORTEN ABEL

57

PETER MICHELSEN

58

CATO SUNDBERG

59

KENT SUNDBERG

60

KJETIL STEENSNÆS

61

THOMAS DRABLØS

62

THOMAS A NORDLI STENERSEN

63

SVEIN SCHULTZ

64

THOMAS TOFTE

65

HÅKON IVERSEN

66

ATLE KARLSEN

67

MARIT ELISABETH LARSEN

68

GJERMUND SILSET

69

TOR ERIK HERMANSEN

70

LENE MARLIN PEDERSEN

71

CHIRAG RASHMIKANT PATEL

72

MAGDI YTREEIDE ABDELMAGUID

73

TONE DAMLI AABERGE

74

ASLAK DØRUM

75

CECILIA GØTESTAM

76

ÅGE ALEKSANDERSEN

77

DAVID ERIKSEN

78

ØYSTEIN SUNDE

79

LARS HÅVARD HAUGEN

80

KIRSTEN BRÅTEN BERG

81

TORSTEIN LOFTHUS

82

ULF RISNES

83

LEIV SOLBERG

84

MATS LIE SKÅRE

85

ESPEN LIND

86

EIVIND AARSET

87

MARI BOINE PERSEN

88

TERJE TRANAAS

89

JOHANNES MARTENS

90

ODD NORDSTOGA

91

KIM OFSTAD

92

TROND MJØEN

93

BJØRN HOLM

94

ALEXANDER RYBAK

95

ARNE HURLEN

96

ANNELI MARIAN DRECKER

97

ØYVIND KOLSET

98

SONDRE MEISFJORD

99

MARTIN SJØLIE

100

STEINAR KROKSTAD

Ekspander/minimer faktaboks

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.