Hopp til innhold

Tony Curtis er død

Skodespelaren Tony Curtis, mest kjend frå filmen «Some Like It Hot» er død, 85 år gamal.

Tony Curtis under ei boklansering i 2009

Tony Curtis under lanseringa av boka 'American Prince' om han sjølv i april 2009.

Foto: KAROLY ARVAI / REUTERS

Tony Curtis med familien

Tony Curtis med familien. Mor Janet Leigh held Kelly (2) og far sjølv held ei nyfødd Jamie Lee.

Foto: AP

Curtis døydde seint onsdag kveld i Los Angeles. Det stadfestar dottra Jamie Lee Curtis til amerikanske media, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Curtis fekk namnet Bernard Schwartz då han vart fødd i New York 3. juni i 1925.

Spelte med Monroe

Han bytta namnet til Tony Curtis då han starta filmkarriera si i 1949, etter å ha kalt seg James Curtis og Anthony Curtis i sine år som teaterskodespelar.

Etter si rolle som Joe i «Some Like It Hot», der han spelte mot Marylin Monroe, vart han kjend i Hollywood-miljøet som ein kjekkas, ifølgje ABC News.

Han var gift til saman seks gonger, sist med Jill Curtis. Tidlegare var han gift med Janet Leigh, som han spelte inn fleire filmar saman med.

Han var far til skodespelaren Jamie Lee Curtis, kjend frå mellom anna «Halloween» og etterlet seg også to andre born og to adoptivsøner. I tillegg var han far til ein son som døydde av overdose i 1994.

«Gullgutt» på NRK

Curtis spelte i meir enn 100 filmar og i fleire TV-seriar.

For si rolle i filmen «The Defiant Ones» frå 1958 vart han Oscar-nominert.

I Noreg var han kjend for rolla som Danny Wilde i «Gullguttene» (The Persuaders), der han spelte saman med Roger Moore. Serien vart vist på NRK frå oktober 1971 og i eitt år framover.

Serien gjekk også i reprise i 1985.

Video Curtis er død

VIDEO: Sjå høgdepunkt frå karriera til Tony Curtis.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters