Hopp til innhold

Rutinerte komponistar på skulebenken

26 år etter at han skreiv musikk til «Veiviseren» er Kjetil Bjerkestrand filmmusikkstudent for første gong.

Gisle Kverndokk og Kjetil Bjerkestrand

Gisle Kverndokk (til venstre) og Kjetil Bjerkestrand studerer filmmusikk-komposisjon ved Høgskolen i Lillehammer saman med fire andre komponistar.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Sist Kjetil Bjerkestrand (58) kunne kalle seg student, var då han fullførte kyrkjemusikkstudiene ved Norges musikkhøgskole i 1978. No er han tilbake på skulebenken, denne gongen ved Høgskolen i Lillehammer.

Kjetil Bjerkestrand

Kjetil Bjerkestrand har skrive musikk til ei rekkje filmar, og fekk Edvard-prisen for musikk til tv-serien «Hotel Oslo» saman med Magne Furuholmen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Det er kjempemoro å vere student igjen, seier Kjetil Bjerkestrand.

– Eg får møte eit nytt miljø, og får samstundes fagleg påfyll. Vi lærer til dømes mykje om filmmusikkhistorie, der har eg store hol i min kunnskap.

Les: Vil dyrke fram filmmusikk med norsk identitet

– Lærer mykje av kvarandre

Studiet i filmmusikk-komposisjon vart starta opp for to år sidan, og på årets kull er det seks studentar. Mellom dei er også Gisle Kverndokk (46), som i tillegg til å ha skrive filmmusikk har lang fartstid innan opera og musikal.

Gisle Kverndokk

Gisle Kverndokk har skrive både operaer, musikalar og filmmusikk tidlegare.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Dette studiet gir meg høve til å kome ut av hola mi, sjå dagslyset og treffe andre menneske, seier Gisle Kverndokk.

– Vi har fått eit stort pensum med bøker og filmar. Men eg lærer også svært mykje av diskusjonane i klassen. Alle har mykje og svært forskjellig erfaring, og vi lærer mykje av kvarandre. Vi har blitt som ein liten klubb, og eg gler meg til dei intense dagane vi har til å prate og utveksle erfaringar.

– Håper å verte dristigare

I tillegg til førelesingar får studentane praktiske oppgåver i komposisjon. Til oktobersamlinga hadde dei fått i «heimelekse» å skrive musikk til ein om lag ti minutt lang dokumentarfilm.

– Vi kan ta større sjansar her i klasserommet enn når vi skriv noko som skal brukast kommersielt, seier Kjetil Bjerkestrand.

– Då må vi vere sikre på at det fungerer godt, her kan vi sparke til alle kantar og sjå kvar grensene går, sidan vi får dei faglege kommentarane vi treng. Normalt får ein berre tilbakemelding om at det enten funkar eller ikkje funkar. Eg håper å verte dristigare som filmkomponist etter dette studiet.

Høyr radioinnslag med utdrag frå Bjerkestrands heimeoppgåve:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters