Hopp til innhold

Bluesartist JJ Cale er død

Den amerikanske bluesgitaristen JJ Cale var ifølgje Eric Clapton «ein av musikkens meistrar frå dei siste tre tiåra».

J.J. Cale

J.J. Cale vart fødd i Oklahoma City i 1938.

Foto: Jane Richey

JJ Cale var 74 år gammal då han døydde fredag kveld på eit sjukehus i California. Den legendariske bluesartisten fekk ifølgje den offisielle nettsida hans eit hjarteinfarkt.

Mest kjend er nok JJ Cale gjennom andre artistar. Han har mellom skrive songar for Eric Clapton, Santana, Lynyrd Skynyrd og Tom Petty. Av kjende songar kan ein nemne «Cocaine» og «After Midnight» framført av Clapton.

Turnerte med Clapton

JJ Cale

JJ Cale er meir kjend som låtskrivar enn artist.

Foto: Tony Gutierrez / Ap

Eric Clapton har hylla Cale som «ein av musikkens meistrar frå dei siste tre tiåra», men trass i respekt i musikkmiljøet vart Cale aldri like berømt som dei han skreiv songar for. Dei to spelte saman seinast under Clapton sin turné i 2011.

Cale er rekna som grunnleggjaren av den såkalla Tulsa-bluesen, som er ein miks av blues, country, rockabilly og jazz. Han vart fødd i Oklahoma City, men vaks opp i byen Tulsa i same delstat.

– Meir lukrativt å skrive

– Eg er berre ein gitarspelar som fann ut at eg ikkje hadde klart å kjøpe meg middag med gitarspelinga mi, så eg begynte å skrive songar, som er ein litt meir lukrativ forretning, skal Cale i sagt ifølgje nettsida hans.

I eit intervju vart Cale spurt korleis han opplevde det at folk elska songane hans, men at dei ikkje visste kven han var. Då svarte han: «Nei, det plagar meg ikkje. Det som verkeleg er bra er når ein får ein sjekk i posten.»

Den beste suksessen som artist fekk Cale i 1972 med songen «Crazy Mama», som nådde opp til 22. plass på Billboard-lista i USA.

Cale var ein stor dyrevenn. På den offisielle nettsida hans vert ein oppfordra til å heidre artisten ved å donere pengar til det lokale dyremottaket.

Korleis hugsar du JJ Cale? Del ditt blues-minne i kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters