Hopp til innhold

Bli med på å kåre tidenes jazzlåt

Kva er tidenes beste jazzlåt? NRKs jazzjournalist Tine Skolmen nominerer Shirley Horns «Here's to Life» – no kan du nominere din favoritt!

Shirley Horn

Shirley Horn, her medan ho får Grammy for beste vokale jazzframføring i 1999.

Foto: Sam Mircovich / Reuters

Det er nesten 100 år sidan slangordet «jazz» vart brukt på trykk om musikk for første gong, og nye jazzlåtar vert stadig produsert året rundt over heile verda – om enn jazzen har mutert med eit utal sjangrar sidan den gongen.

Så kven står bak tidenes aller beste jazzlåt? Nominer din favoritt i kommentarfeltet under – innan 2. april. Etter det kan du stemme på eit finaleheat med dei mest populære låtane, og vinnaren blir avslørt 21. april.

Stem på finaleheatet: Stem fram tidenes jazzlåt

– Det er ikkje melodien som er viktig

I jazzens barndom, frå 1920-talet og utover, spelte musikarane for det meste låtar som allereie var kjende gjennom musikalar eller liknande.

– Dei beste jazzlåtane er gjerne enkle, effektive låtar som gir eit godt utgangspunkt for improvisasjon, seier Erling Wicklund.

– Dette oppspelet byggjer opp til det det eigentleg dreiar seg om, nemleg kva solisten skal gjere med låta. Det er ikkje melodien som er viktig, det er kva musikarane gjer med den, som er interessant.

Coleman Hawkins og Miles Davis

Saksofonisten Coleman Hawkins, her saman med Miles Davis. Biletet er truleg teke i 1947.

Foto: William P. Gottlieb / Wikimedia Commons

– Den peikar fram mot ei enno uhøyrt framtid

Sjølv må Erling Wicklund heilt tilbake til 1939 for å hente fram låten han ønskjer å nominere til tidenes jazzlåt: Saksofonisten Coleman Hawkins' (1904–1969) versjon av «Body and soul», basert på ein låt 21-åringen Johnny Green skreiv musikken til i 1930.

– Det Coleman Hawkins gjer med denne låten, er grensesprengjande og peikar fram mot ei enno uhøyrt framtid, seier Wicklund.

– Han spelar nesten ikkje melodien, han berre peikar så vidt på den, og går rett over i improvisasjon. Det er noko magisk med den, som gjer at den står fjellstøtt meir enn 70 år seinare.

Høyr Coleman Hawkins spele «Body and soul»:

Coleman Hawkins (Foto: Arild Hordnes/Scanpix)

– Den finaste songen eg veit om

Jazzjournalist og -songar Tine Skolmen nominerer ein langt nyare låt til kåringa, nemleg vokalisten og pianisten Shirley Horns (1934–2005) låt «Here's to Life» frå 1992.

– Det er nok den finaste songen eg veit om, uansett sjanger, seier Tine Skolmen.

– Den har ei nydeleg melodilinje, og eg er veldig glad i teksten – ein hyllest til livet og kjærleiken. Shirley Horn er ein fantastisk vokalist, og albumet med same tittel har gått og gått heime hos meg i alle år, i alle moglege samanhengar.

Høyr Shirley Horn synge «Here's to Life»:

Nominer din kandidat til tidenes beste jazzlåt i kommentarfeltet under – med tittel, utøvar og grunnen til at du vil nominere denne låten! Du kan også følge kåringa i P2s «Spillerom søndag» (søndagar kl 14.03) og «Jazzklubben» (tysdagar kl 19.30).

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters