Etter lanseringa av NRKs uhøgtidelege kåring av tidenes jazzlåt 10. mars, vart nesten 80 ulike jazzlåtar nominert, og dei seks låtane som fekk flest nominasjonar gjekk vidare til finalen.
Avstemminga er no avslutta, og vinnaren vert avslørt 21. april.
Les:
Les:
Oscar Peterson Trio: Hymn to Freedom
Den nyaste låten som nådde finalen har så vidt bikka 50 år: Oscar Peterson improviserte fram «Hymn to Freedom» saman med trioen sin i studio i 1962, under innspelinga av albumet «Night Train». Tittelen på låten skal ha vore tenkt som ein hyllest til Martin Luther King.
– Låten er ubeskriveleg vakker, seier Jan Ditlev Hansen, programleiar i NRKs jazzprogram «Rundt midnatt» og ein av dei som nominerte Oscar Petersons låt.
– Eg kan ikkje høyre denne utan at håra reiser seg på armane, det går kaldt nedover ryggrada og eg blir fuktig i augekroken. Denne komposisjonen byr på alt, fortidas smerte, det vakre i augneblinken og håpet for framtida: fridomen.
Oscar Peterson i Molde i 1987. (Foto: Morten Hvaal/NTB scanpix)
Dave Brubeck Quartet: Take Five
Dave Brubeck Quartet spelte inn «Take Five» til albumet «Time Out» sommaren 1959. Låten vart skriven av saksofonisten i bandet, Paul Desmond, og låten vart enormt populær trass den uvanlege rytmen – ein turné i Aust-Europa hadde inspirert bandet til å lage musikk i uvanlege taktartar som 5/4-takt.
– Denne låten var mitt første møte med jazz som liten gut på 1970-talet, seier Geir Bjarte Hjetland, ein av dei som nominerte låten til kåringa.
– Når eg gjennom opp- og nedturar i livet har trengt søkke ned i sofaen med musikk som kan gjer sinnet lysare, er dette ein av låtane eg stadig har teke fram, år etter år.
Dave Brubeck i 1956. (Foto: AP)
Miles Davis: So What
«So What» innleier Miles Davis' album «Kind of Blue» frå 1959, truleg tidenes mest selde jazzplate. Albumet dukkar stadig opp i kåringar i tidenes beste, og det var vel inga stor overrasking at ein av låtane kom med til finaleheatet her.
Miles Davis fekk mange nominasjonar for ulike låtar, men særleg «So What» vart ein gjengangar i kommentarfeltet til nettartiklane der ein kunne nominere. Det er tydeleg at både låten og Miles Davis framleis har mange fans:
«Samme hva dere måtte finne ut, så vil «So What» av Miles fortsatt værra tidenes jazzlåt,» skreiv den anonyme kommentatoren «morrari».
Miles Davis i Oslo i 1987. (Foto: Eystein Hanssen/NTB scanpix)
Thelonius Monk: 'Round Midnight
Jazzpianisten Thelonius Monk (1917–1982) skreiv «'Round Midnight» og spelte den inn i 1944. Han spelte den også inn fleire gongar seinare.
Det har også mange andre gjort – låten skal vere den mest innspelte jazzlåten skriven av ein jazzmusikar og er med på meir enn 1.000 album. Fleire versjonar vart nominerte til kåringa, men Monks originalversjon fekk flest nominasjonar.
«Round Midnight» har en sårhet i seg som jeg ofte synes jeg kjenner igjen i stor kunst» skreiv Erlend Breidal i sin nominasjon av låten. Han oppdaga låten gjennom filmen med same tittel:
«Den filmen har betydd mye for meg personlig, men har sikkert også vekket jazzinteressen hos mange andre rundt om i verden. Jeg var 18 år og så filmen aleine en sein kveld på Torshov i 1987.»
Thelonius Monk, truleg i 1947 (William P. Gottlieb/Wikimedia Commons)
Coleman Hawkins and his Orchestra : Body and Soul
Saksofonisten Coleman Hawkins' (1904–1969) versjon av Johnny Greens låt «Body and soul» vart spelt inn i 1939. NRKs jazzjournalist Erling Wicklund var ein av dei som nominerte låten.
– Det Coleman Hawkins gjer med denne låten, er grensesprengjande og peikar fram mot ei enno uhøyrt framtid, sa Wicklund.
– Han spelar nesten ikkje melodien, han berre peikar så vidt på den, og går rett over i improvisasjon. Det er noko magisk med den, som gjer at den står fjellstøtt meir enn 70 år seinare.
Coleman Hawkins i Oslo i 1963. (Foto: Arild Hordnes/NTB scanpix)
Benny Goodman and His Orchestra: Sing, Sing, Sing
Klarinettist Benny Goodman (1909-1986) spelte inn "Sing, Sing, Sing" med sitt orkester i 1937, eitt år etter originalversjonen med Louis Prima. Jazzsongar Hilde Louise Asbjørnsen nominerte Goodmans versjon med desse orda:
– Låten har betydd veldig mykje for meg heilt sidan eg byrja å skrive jazzlåtar sjølv, seier Asbjørnsen.
– Den tek utgangspunkt i eit veldig enkelt tema, som musikarane byggjer opp og ned, igjen og igjen. Låten har ein utruleg dynamikk gjennom dei nesten ni minutta den varer.
Benny Goodman i 1971. (Foto: Hans Bernhard/Wikimedia Commons)
Avstemminga er no avslutta. Vinnaren vert avslørt 21. april.