NRK Meny
Normal

Naturkatastrofane som kan gi dommedag

Her er naturkatastrofane som er farlege nok til å kunne leggje jorda øyde. Ekspertane vurderer kor sannsynlege slike hendingar er.

Gammaglimt oppstår i universets kraftigste eksplosjoner, når tunge og superhete stjerner eksploderer

Gammaglimt oppstår i universets kraftigaste eksplosjonar, og vil kunne true liv på jorda dersom det skjer nær oss.

Foto: ESA / SCANPIX

Ifølgje dei gamle mayaene var det ikkje vits i å la kalenderen halde fram etter 21. desember 2012.

Som eit a propos har vi plukka ut nokre naturkatastrofar som har potensial til å utrydde livet på jorda, og har fått hjelp av ekspertar til å vurdere kor sannsynlege dei er.

Vulkanutbrudd

Eit superutbrot vil ha større dimensjonar enn dette utbrotet på De fuego-vulkanen i Guatemala.

Foto: AFP / AFP

Supervulkanar

Under bakken i Yellowstone-området i USA lurar ein fare som kan bli katastrofal for jorda, ein såkalla supervulkan. Supervulkanar er vulkanar som har utbrot i ein heilt annan storleik enn dei vulkanutbrota vi kjenner til frå menneskas historie.

– Eit supervulkanutbrot er til samanlikning 10.000-100.000 gongar meir eksplosivt enn Eyjafjallajökulls utbrot på Island i 2010, seier geolog Anders Schomacker ved NTNU til NRK.no.

I Yellowstone-området har det vore enorme vulkanutbrot med jamne mellomrom på om lag 600 000 år. No er det 640 000 år sidan siste utbrot, noko som tilseier at tida for eit nytt utbrot kan nærme seg.

Grunnen i Yellowstone hevar seg, enkelte stader med så mykje som 70 cm på få år, noko som også er med på å auke frykta for eit kommande utbrot.

– Eit nytt supervulkanutbrot i Yellowstone for å ta eit eksempel vil vere svært øydeleggjande for heile Nord-Amerika. Om utbrotet er svært eksplosivt vil vulkansk oske fort spreie seg over heile Nord-Amerika. Flytrafikk stoppar straks og anna infrastruktur blir øydelagt, fortel geologen frå NTNU.

Likevel er ikkje alt håp ute for alt liv på jorda.

– Det er annsynleg at eit supervulkanutbrot kan gi global avkjøling i ein kortare periode, men det er ikkje sannsynleg at eit slikt utbrot kan øydeleggje alt liv på jorda. Livet på jorda har overlevd alle tidlegare supervulkanutbrot, forsikrar Schomacker.

Kor redde bør vi vere for utbrot av supervulkanar?

– Vi bør vere redde for eit nytt supervulkanutbrot. Det er ikkje spørsmål om det kjem eit neste superutbrot, men når og kvar det kjem. Når det kjem blir det øydeleggingar og tap av menneskeliv som ikkje har vore opplevd i det moderne menneskets historie. Det er umogleg å seie når og kvar neste superutbrot kjem.

Asteroide

Asteroide.

Foto: NASA

Asteroide- og kometkollisjonar

Om ikkje himmelen kan falle ned i hovudet vårt slik Asterix og Obelix og dei gamle gallarane var redde for, er det likevel andre farar som trugar over hovuda våre.

På toppen av lista her står asteroidar, steinklumpar som går i bane rundt Sola, og som kan komme på kollisjonskurs med Jorda.

Ein asteroide har delvis fått skulda for utryddinga av dinosaurane, då den krasja inn i det som i dag er Yucatanhalvøya i Mexico for 65 millionar år sidan. Denne asteroiden var om lag 14 kilometer i diameter.

Heldigvis ser det ikkje ut til at asteroidar på denne storleiken er på kollisjonskurs med Jorda.

Men også mindre objekt kan gi skade.

– Når eit himmelobjekt råkar Jorda med fleire titals kilometer i sekundet, vil det eksplodera som ei bombe. Er diameteren mindre enn 40 meter, vil objektet som oftast brenne opp i atmosfæren. Større objekt vil kunna gjera uhorveleg skade lokalt, men for at skaden skal bli global, krevst objekt større enn 1 km, seier professor Kaare Aksnes ved institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Forskarane trur at det finst om lag 1000 asteroidar med ein diameter som er større enn ein kilometer og som kryssar jordbanen.

900 av desse asteroidane er no funne, og ingen av desse ser ut til å vere på kollisjonskurs med jorda.

Det er også ein trussel for å bli treft av ein komet, skitne snøballar av støv og is som kjem frå stader langt ute i solsystemet. Med den mørke og skitne overflata si er desse svært vanskeleg å oppdage, samtidig som dei også har større fart.

Kaare Aksens synest ikkje vi bør gå rundt og engste oss for asteroidar og kometar:

– Det er enormt mykje større fare for t.d. å bli treft av ein bil på gata enn av ein asteroide eller komet frå verdsrommet. Men eit himmelobjekt kan til gjengjeld laga enormt mykje større skade, så det er all grunn til å kartleggje potensielt trugande himmelobjekt.

Supernova

Illustrasjon som viser korleis supernovaen SN 2006gy kan ha sett ut då den eksploderte. Dette er den mest lyssterke supernovaeksplosjon som er registrert på jorda.

Foto: AP Photo/NASA, Chandra X-Ray Center, M.Weiss / AP

Supernovaer og gammaglimt

Stjerner med ei masse på mellom 12 og 40 gongar massen til sola kan ende sine liv som supernovaer, som eksploderer og sender veldige mengder partiklar og energirike strålar ut i rommet.

– Ein supernova kan vere farleg dersom den skjer nærare oss enn omkring 50 lysår. Fordi tunge stjerner som kan ende som supernovaer er sjeldne, er sjansen liten for at noko slikt kan ramme oss, fortel astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.no.

– Betelgeuse som kan eksplodere som supernova når som helst, ligg omkring 10 gongar lenger unna enn dette, seier Ødegaard.

Men om supernovaer er farlege, er dei likevel berre barnematen mot dei endå større hypernovaene.

Hypernovaer oppstår når stjerner som har ei masse større enn 40 gongar sola eksploderer og sender ut det meste av energien i ein eller to retningar som strålebuntar som inneheld ekstremt energirik stråling, såkalla gammaglimt.

– Skulle ein slik eksplodere i Mjølkevegen eller umiddelbare omgivnader vil det vere skummelt dersom strålebuntane er retta mot oss, seier Røed Ødegaard, men legg til:

– Statistisk er sjansane veldig små for at noko slikt kan skje.

Kiselalgar

Kiselalgar, ein type mikroskopiske algar som lever i vatn eller i fuktige miljø på land.

Foto: Wipeter, CC

Mikroorganismar

Ein gong tidleg i jordas historie var samansetninga av jordas atmosfære ein heilt annan enn i dag.

Men for om lag 2,35 milliardar år sidan lærte cyanobakteriar korleis dei skulle utnytte solenergi til å produsere energi i form av sukker.

Biproduktet av fotosyntesen, oksygen, vart dumpa i atmosfæren som den gong bestod mest av karbondioksid. Organismane som ikkje tolte oksygen gjekk ein trist lagnad i møte.

Finst det ei moglegheit for at mikroorganismar kan endre atmosfæresamansetninga på liknande vis igjen, og drepe alt liv som treng oksygen?

Ifølgje geobiolog Joe Kirshvink ved Caltech er det ei moglegheit for dette:

Ein mutant-mikrobe som ikkje er i stand til å nyttiggjere seg av vatn eller andre stoff som trengst for å fotosyntetisere, kan til dømes byrje å tyggje salt (natriumklorid) i staden. Slike mikrobar ville frigi klorgass til atmosfæren, som ville vere giftig for oss og dei aller fleste organismar på jorda.

– Den fordømte tingen kunne ta over jorda i løpet av eit par millionar år seier geobiologen til Wired.

Men heldigvis er dette scenarioet svært lite sannsynleg.

– Heldigvis for jordas innbyggarar i dag, er vatnet som mikrobane treng til stades i stort monn i dag, så det er lite truleg at dei vil starte ein klorapokalypse i nær framtid, seier Kirschvink.

Merkur

Dersom Merkur blir dratt ut av banen sin, kan planeten i verste fall kollidere med jorda.

Foto: HO / AFP

Planetutsletting

Ifølgje ein artikkel i Astrophysical Journal i 2008, er det ei viss fare for at endringar i planetbanen til Merkur kan gi katastrofale følgjer for vår planet.

Solsystemets største planet, Jupiter, trekk stadig på planetbanene til dei andre planetane i solsystemet. Over millionar av år kan Jupiter trekkje så mykje på banen til vesle Merkur, at planeten får ein bane som er så elliptisk at Merkur til slutt enten kan komme til å krasje inn i sola, eller krysse banen til Venus.

Dette kan i verste fall føre til at Merkur kolliderer med jorda. Sjølv om jorda er om lag tjue gongar større enn Merkur, vil ein slik kollisjon øydeleggje jorda.

Men ifølgje Knut Jørgen Røed Ødegaard er dette svært lite sannsynleg:

– Slikt skjer veldig sjeldan i vårt solsystem der banene er temmelig stabile, men over fleire milliardar år er det vist at det er ein viss risiko, seier Røed Ødegaard.

Sola

Om ein milliard år får vi meir sol enn vi har godt av på jordkloden.

Foto: NASA

Slukt av sola

Eit dommedagsscenario som dessverre er heilt uunngåeleg, er at sola til sjuande og sist vil sluke jorda.

Om ein milliard år vil sola skine om lag 10 prosent sterkare enn ho gjer i dag, fordi fusjonsprosessane i solas indre produserer enormt mykje energi i form av varme. Den ekstra energien frå sola vil varme jordkloden til over 100 grader celsius.

– Hava vil koke bort, klimaet vil kollapse, fortel astrofysikar Klaus-Peter Schroeder frå University of Guanajuato i Mexico til Wired.

Mot slutten av solas karriere, om 7 milliardar år, vil stjerna utvide seg enormt og bli til ein såkalla raud kjempe. Sola vil då vere så stor at ho sluker jorda.

Men sjansen for at det er menneske til stades på jorda på det tidspunktet er nok forsvinnande liten.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard veit meir enn dei fleste om kva farar som lurer frå oven, likevel går han slett ikkje rundt og er redd for farar frå verdsrommet:

– Nei da, farlege asteroidar trur eg vi oppdagar i tide og kan bøye av, gammaglimta vil neppe grille oss dei første 100 000 åra, sjansen for å få ein meteorittstein i hovudet er ufatteleg liten, og sola vil vere stabil i ganske lang tid, seier Røed Ødegaard.

Professor i astrofysikk Kaare Aksnes er heller ikkje særleg bekymra:

– Den mykje omtala apokalypsen som skal skje 21. desember i år når den lange mayakalenderen sluttar, treng i alle fall ingen bekymra seg for. Tvert om kan ein på den datoen gle seg over at det går mot lysare tider, seier Aksnes.