Hopp til innhold

Nobelpris i fysikk til supernova-forskarar

To forskargrupper deler prisen for deira forsking på supernovaer. – Det kjenst som då mine barn vart fødde, eg er heilt mo i knea, seier ein av prisvinnarane.

Nobelprisvinnarar i fysikk 2011

Saul Perlmutter, Brian P. Schmidt og Adam G. Riess får Nobelprisen i fysikk 2011.

Foto: Lawrence Berkeley National Lab/ Wikimedia Commons/ montasje

Supernova

Prisvinnarane sine observasjonar av supernovaer førte til oppdaginga av at universet ekspanderer.

Foto: AP Photo/NASA, Chandra X-Ray Center, M.Weiss / AP

Nobelprisen i fysikk 2011 er delt i to delar. Den eine halvparten av fysikkprisen går til Saul Perlmutter ved University of California, Berkeley i USA.

Den andre halvparten går til forskarane Brian P. Schmidt ved Australian National University og Adam G. Riess frå John Hopkins University and Space Telescope Science Institute i Baltimore, USA.

Dei tre forskarane får prisen for oppdaginga av den akselererande utvidinga av universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.

Les pressemeldinga frå Nobelinstituttet her

Tidlegare meinte fysikarar at gravitasjonen burde få universets ekspansjon til å sakne.

Men på slutten av 90-talet fann dei tre prisvinnarane, som tilhøyrde konkurrerande forskargrupper, at universet tvert i mot ekspanderer.

Dette oppdaga dei gjennom å studere lysstyrken frå supernovaer.

– Kjenst utruleg

– Det kjenst heilt utruleg, det er utruleg, heilt surrealistisk, seier professor Adam Reiss. Reiss seier dette på telefon til det svenske nyheitsbyrået TT nokre minutt etter offentleggjeringa.

– Det kjenst som då mine barn vart fødde, eg er heilt mo i knea, seier professor Brian Schmidt.

– Dette er fantastisk å høyre. Eg bør ringe mine kollegaer og gratulere dei også, seier Perlmutter då han får høyre nyheita.

105. utdeling

Dette er 105. gong at Nobelprisen i fysikk blir delt ut sidan utdelingane byrja i 1901.

Sjå ei oversikt over alle prisvinnarar i fysikk her

Fjorårets vinnarar Andre Geim og Konstantin Novoselov fekk prisen for sitt banebrytande eksperiment på det todimensjonale materialet grafén.

Wilhelm Conrad Röntgen

Wilhelm Conrad Röntgen.

Foto: Nobelprisen

Den første som fekk prisen var Wilhelm Conrad Röntgen. Han fekk prisen i anerkjenning for arbeidet som førte til oppdaginga av strålane som ber hans namn.

Prisvinnar var død

Nobelveka vart innleia måndag med utdelinga av prisen i medisin og fysiologi. Prisen for 2011 vart delt mellom dei tre forskarane Bruce A. Beutler, Jules Hoffman og Ralph M. Steinman for å ha revolusjonert vår forståing av immunsystemet hos menneske.

Etter at prisen var kunngjort, viste det seg at kanadiske Ralph M. Steinman hadde døydd av kreft berre tre dagar før kunngjeringa.

Nobelkomiteen avgjorde etter eit møte måndag kveld at Steinman likevel får behalde prisen.

Nobelprisen i kjemi blir kjend onsdag, medan prisen i litteratur blir kunngjort torsdag. Nobelveka blir avslutta med kunngjeringa av fredsprisen fredag 7. oktober.