Hopp til innhold

-Smakar som kjøt, men lite saftig

Verdas første kunstig framstilte hamburgar vart fortært på pressekonferanse i dag.

Første kunstige hamburger

Stamceller frå storfe er grunnlag for denne laboratoriedyrka hamburgaren.

Foto: David Parry / PA Wire

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Perfekt konsistens, men det var ikkje så saftig. Og eg saknar salt og pepar, var kommentaren frå Hanni Rutlzer, som i dag smakte på verdas første burgar laga av kunstig kjøt.

Hamburgaren som var kultivert frå stamceller vart i dag presentert og fortært på ein pressekonferanse i London.

Professor Mark Post

Professor Mark Post.

Foto: Maastricht University

Dei siste fem åra har ein forskar leia dette forskingsfeltet, professor Mark Post ved Maastrich University i Nederland.

– Vi synest det er viktig å vise at dette er mogleg, seier Post.

– Litt bleikare enn vanleg

Kjøtforskaren avdekka ein rå burger som likna svært mykje på ein vanleg burgar.

– Dette er biff slik som vi kjenner det, men vi har lagt til litt raudfarge med raudbete, seier Post.

– Litt bleikare enn vanleg, men konsistensen ser bra ut, kommenterer kokken.

Kjøtet har blitt framstilt ved å knyte saman rundt 20.000 proteinkjeder som er blitt dyrka fram frå stamceller frå storfe i laboratoriet.

Vevet blir så dyrka ved å plassere cellene i ein ring, som ein smultring rundt ein næringsrik gelé.

Til slutt har det laboratorieframstilte kjøtet blitt blanda med ingrediensar som nyttast i ein vanleg hamburgar, slik som salt, brødsmular og egg. I tillegg er altså safran og rødbetejus tilsett for å få den riktige fargen på prøverørsburgeren.

Dyrka på 3 månader

Forskarane har brukt 3 månader å lage hamburgaren, noko som er raskare enn ei ku klarar det, seier Post.

Mange vil kanskje ha motførestillingar mot å ete eit kjøtstykke som er dyrka i eit laboratorium, men Post meiner at det er ingen grunn til å tru at det skulle vere skadeleg for helsa.

På spørsmålet om han ville gitt det til sine eigne barn, svarte Post dette:

– Eg har sjølv ete det, og no når eit par frivillige skal smake det er barna mine faktisk litt misunnelege, seier Post.

Etter å ha høyrt kommentarane frå smakspanelet, hadde Post dette å seie:

– Det er gode innvendingar, vi har ikkje noko feitt i burgaren enno, og vi arbeider vidare med dette.

– Dette er ein god start, og eg er nøgd, seier Post.

  • Følg saka på twitter #culturedbeef