Slik ser fiskens tankar ut

Forskarar har for første gong klart å sjå tankar symje gjennom hjernen på ein levande fisk. Sjå video i sak.

Fiskens tankar

Hjerneaktiviteten til ein sebrafisk vart filma i sanntid mens dyret observerte eit byttedyr.

Foto: Current Biology, Muto et al./ montasje NRK

For å forstå korleis hjernen oppfattar den ytre verda ønskjer forskarar å sjå korleis hjerneceller reagerer i sanntid mens eit dyr sansar.

Japanske forskarar har no komme eit stykke lenger på vegen til å få til dette.

– Vårt arbeid er det første som viser hjerneaktivitet i sanntid i eit intakt dyr under dyrets naturlege åtferd, seier Koichi Kawakami ved Japan’s National Institute of Genetics.

Såg på byttedyr

Fisken som fekk avslørt "tankane" sine var ein sebrafisk som var opptatt med å sjå på eit potensielt bytte, eit symjande eincella tøffeldyr.

I sanntid kunne forskarane følgje fisken sin respons på tøffeldyrets krumspring. Dette såg dei som av lysande område i hjernen som svarar til aktive hjerneceller.

Sjå fiskehjernen reagere på tøffeldyrets rørsler:

Nervesignal vekka ved synet av eit symjande tøffeldyr. Credit: Current Biology, Muto et al.

Akkurat kva sebrafisk-babyen tenkte, seier forskinga ikkje noko om. Men vi kan kanskje gjette på at det var noko i retning av nam, nam?

Sebrafisken er gjennomsiktig i foster og larvestadiet, noko som gjer det lett for forskarane å studere hjernen til dyret.

For å gjere hjerneaktiviteten synleg har forskarane utvikla ein svært følsam probe som kan måle fluorescerande lys. Proben fangar opp aktivitet i hjerneceller som er genetisk endra til å sende ut lys når dei blir aktivert.

Kawakami og kollegaer har også utvikla ein genetisk metode for å putte proben inn i nervecella dei vil studere. Metoden er nyleg publisert i tidsskriftet Current Biology.

Video: sebrafiskens hjerneaktivitet når han ser på ein prikk på ein skjerm:

Videoen viser hjernen til ein genmodifisert sebrafisklarve mens han ser på ein prikk på ein LCD-skjerm. Prikken vart vist for fisken i dei første 3 sekunda av denne 6 sek lange videoen. Filmen går tre gongar raskare enn reell tid.

Kan gi raskare psykiatrimedisin

Gjennombrotet gjorde forskarane i stand til å måle aktiviteten på enkeltcelle-nivå i sebrafiskhjernen.

Den nye metoden kan gjere det mogleg å finne ut kva for hjernenettverk som er involvert i alt frå sansing til rørsler til korleis vi tar avgjerder.

Forskarane trur blant anna metoden dei har utvikla kan komme til nytte for å screene kjemiske stoff som verkar inn på aktivitet i hjerneceller.

– Dette har potensial til å forkorte dei lange prosessane for utvikling av nye medisinar innan psykiatri, seier Kawaskami.