Hopp til innhold

Rick er den første levande som har fått ei genredigert grisenyre

Blir kalla eit enormt framsteg og eit gjennombrot.

Rick Slayman sitter i et sjukehusrom etter å ha fått ei ny nyre fra en genredigert gris. Han ser inn i kamera og har på seg svarte treningsklær.

UNIK: Rick Slayman gler seg til å bruke tida framover saman med venner og familie, utan byrda som dialyse har utgjort for han i mange år.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

UNIK: Rick Slayman gler seg til å bruke tida framover saman med venner og familie, utan byrda som dialyse har utgjort for han i mange år.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

Rick Slayman har god grunn til å smile.

Snart tre veker etter at han låg på operasjonsbordet ved Massachusetts General Hospital i USA kunne han reise heim på torsdag.

– Dette er ein av dei lukkelegaste augeblinkane i livet mitt, seier 62-åringen via sjukehuset.

Med seg har hadde han ei fungerande nyre og ein slags rekord.

Før dei opererte Rick, har kirurgar transplantert nyrer og lever frå grisar inn i bavianar og nokre hjernedøde menneske, skriv NPR.

Men aldri før har eit levande menneske fått transplantert inn ei nyre frå ein genredigert gris.

Om nokre år kan dette kanskje bli ei moglegheit også for nordmenn som hamnar på venteliste for å få eit nytt organ.

– Det er eit enormt framsteg. Men vi veit framleis ikkje korleis dette ser ut på veldig lang sikt, seier professor og overlege Pål-Dag Line.

Kva gjorde dei i USA?

Veka før påske kunne eit team ved sjukehuset i Massachusetts fortelje nyheita: I løpet av ein fire timar lang operasjon den 16. mars, fekk Rick Slayman ei ny nyre. Sjølv om ho kom frå ein gris, skjedde det heilt utan problem.

Berre augeblink etter at kirurgane kopla organet til Rick starta blodet å strøyme gjennom nyra, og så begynte ho å lage urin. Det fortalde kirurg Tatsuo Kawai på ein pressekonferanse etterpå.

Transplantasjonskirurger stor over et operasjonsbord. Doktor Tatsuo Kawai lener seg fram og ser ned mot pasienten.

Tatsuo Kawai var blant kirurgane som gjennomførte transplantasjonen på Rick Slayman.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

– Alle i operasjonsrommet braut ut i applaus. Det var verkeleg den vakraste nyra eg har sett, sa Kawai.

Fem dagar etter operasjonen var Rick i så god form at han var oppe og gjekk 20 rundar rundt på sjukehusavdelinga, skriv avisa STAT.

Slayman har tidlegare fått transplantert inn ei nyre frå eit menneske. Men etter rundt fem år slutta ho å fungere. Derfor måtte han starte med dialyse igjen. Med grisenyra slepper 62-åringen forhåpentleg den tidkrevjande og kostbare behandlinga.

Klipp og lim

Grisen som Rick fekk nyre frå er ikkje eit tilfeldig svin.

Eit amerikansk selskap som heiter eGenisis har alt opp ein flokk med yucatan minigriser. I kvar gris har dei gjort 69 endringar av DNAet.

Kirurger forbereder en nyre fra en genredigert gris til transplantasjon inn i et levende menneske. Leveren ligger i et isbad.

Dette er nyra Rick Slayman har fått frå ein genredigert gris.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

Blant anna har dei «skrudd av» tre grisegen. I tillegg har dei lagt til sju menneskegen slik at organa skal passe betre i kroppen vår.

Det er kjempeviktig. For viss kroppen oppdagar at det er plassert noko framandt i han, kan immunsystemet øydelegge organet i løpet av nokre timar, fortel Line ved Oslo universitetssjukehus.

Det er jo fantastisk at det fungerer. Men at det fungerer i nokre månader eller noko sånt, er ikkje målet for behandlinga. I den perfekte settingen skal det fungere livet ut.

Pål-Dag Line, professor dr.med og avdelingsleder, Oslo Universitetssykehus.

Pål-Dag Line gjennomfører fleire transplantasjonar kvart år.

Foto: Hallvard Mørk Tvete / NRK

I Stiftelsen Organdonasjon er dei optimistiske.

Dette kan jo endre eigentleg livet til millionar av menneske verda over når dette ein dag blir eit behandlingstilbod, seier Aleksander Sekowski.

Det er jo eksperimentell medisin ennå, i aller høgaste grad. Men det er eit gjennombrot.

Ventelista er lang

Her heime i Noreg får rundt 600 personar i året nyresvikt som krev dialyse.

Det må du ha tre–fire gonger i veka. I staden for å jobbe, må du reinse blodet, fortel overlege Line.

Rick Slayman sitter i en sjukehusrom mellom partneren sin, Faren, og transplanasjonskirurg Tatsuo Kawai.

Her blir Rick Slayman skrive ut av sjukehuset. Partnaren Faren og kirurgen Tatsuo Kawai står rundt han.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

Ved nyttår stod 503 personar på venteliste for å få ei ny nyre. Den lista har blitt nesten dobbelt så lang på 15 år.

Grunnen til utviklinga er at vi blir stadig eldre, og folk heilt oppi 80-åra kan få transplantert inn organ, ifølge Line.

Samtidig er vi mindre aktive enn før, og fleire er så overvektige at det går ut over helsa. Det betyr at det også er fleire som får nyresvikt og færre unge og friske som kan donere.

Les også Operasjonane kirurgen gjer blir farlegare fordi stadig fleire har fedme

Overlege og kirurg Tonje Okkenhaug Johansen står i en operasjonssal ved St. Olavs hospital i Trondheim. Hun har på seg grønne kirurgklær og ei grønn lue. Foran henne er det et operasjonsbord.

Pengar og etikk

Viss forskarane finn ein måte å få opp produksjonen av grisenyrer på, og det blir ei godkjent behandling, er det uansett ein del hinder.

For det første kostar det veldig mykje å ale opp grisar på ein måte som er trygg. I tillegg er det nokon etiske problemstillingar knytte til det.

Desse dyra må jo leve i heilt unaturlege omgivnader for at dette skal kunne realiserast.

Overlege Line samanliknar det med å vekse opp i noko som liknar eit covid-isolat.

Eg seier ikkje at dyra nødvendigvis har det så vondt, men dei har det veldig framandt.

Du har også risikoen for smitte frå dyr til menneske. For dyr kan ha andre virus og sjukdommar enn dei vi har.

Det betyr at ein vil trenge ein heil del utviklingsarbeid for å unngå akkurat den problemstillinga best mogleg, fortel Line.

Les også Ventetiden på nytt organ doblet på ti år – Sissel (25) tatoverte «recycle me»

Sissel Lorentzen sitter med blå dongeribukse og svart t-skjorte i en hage. Hun ha lyst hår i en hestehale. I bakgrunnen synes nabohusene. På armen har hun en tatovering der det står recycle me.

Kva med andre organ?

Ein av grunnane til at Line har trua på at nordmenn kan gå rundt med grisenyre i kroppen ein gong i framtida, er at dette organet er det relativt sett enklaste og tryggaste å forske på.

Fordi viss det sviktar, kan pasienten behandlast på anna vis. Viss ein gjer det med hjarte, lunge eller lever, da er det ikkje noko backup-system som kan ta over.

En rekke leger og sjukepleiere står med ryggen til kamera. De jobber med transplantasjonen av ei nyre fra en genredigert gris inn i et levende menneske.

Det skal eit stort team til for å gjennomføre ein transplantasjon.

Foto: Michelle Rose / Massachusetts General Hospital

Det er gjort forsøk på hjarte, og to pasientar levde i mellom 40 og 60 dagar etter transplantasjonen. Men der er det framleis ein veg å gå.

Ei griselever kan vere veldig komplisert å få til å fungere i menneskekroppen. Levra lagar nemleg hundretusenvis av stoffa og hormona som trengst i kroppen, fortel Line.

Det er ikkje gitt at grisevarianten av mange av desse stoffa er like gode eller like velfungerande som den menneskelege varianten.

Overlegen trur forskarane vil finne ei løysing på mykje etter kvart, og at nyretransplantasjon er det næraste.

Men du forventar ikkje å ha det på Rikshospitalet om fem år?

Nei, det trur eg er for fort. Men eg vil vere lykkeleg om eg tok feil. Og vi tar feil rett som det er.