Hopp til innhold

Over 6 graders temperaturauke svært usannsynleg ved dobling av CO2-nivå

Det mest ekstreme scenarioet for klimafølsamheit er svært usannsynleg, viser den nye klimarapporten. – Viktig funn, seier norsk klimaforskar.

CICERO-forskar Gunnar Myhre er ein av hovudforfattarane på den nye klimarapporten

CICERO-forskar Gunnar Myhre er ein av fem norske hovudforfattar på klimapanelets femte rapport.

Foto: IPCC/ CICERO/ montasje NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I FNs femte klimarapport som vart lagt fram i Stockholm i dag er klimaforskarane meir sikre enn nokosinne på at kloden blir varma opp, og at det endringane skuldast utslepp frå menneskeleg aktivitet.

  • Les samandraget av rapporten her

Eitt av dei sentrale punkta i den nye klimarapporten er kor følsamt klimasystemet er for auke i CO2-innhald i atmosfæren, og kor stor temperaturauke vi kan vente ved ein dobling av CO2-konsentrasjon sidan førindustrielt nivå.

– Vi er sikrare på at klimafølsomheiten ikkje er høgare enn 6 °C, og det er eit ganske viktig funn seier CICERO-forskar Gunnar Myhre til NRK.no.

–Dette er ein svært viktig faktor for kor varmt det blir mot slutten av åhundret, det mest viktige er utsleppsgrad.

Myhre er saman med Jan Fuglestvedt koordinerande hovudforfattar på kapittelet om kva drivkrefter som påverkar klimaet på jorda i FNs 5. klimarapport.

– Nytt sidan førre rapport

– Hovudfunnet er at klimafølsamheit er slik at det er sannsynleg med ei auke i temperatur på mellom 1,5 °C og 4,5 grader celsius ved ei dobling av CO2, sa Myhre på Miljødirektoratets pressekonferanse i samband med klimarapporten.

– Nedre grense har gått litt ned, samtidig er det sagt at det er svært usannsynleg at temperaturauken vil vere større enn 6 °C. Dette er nytt sidan førre rapport, sa Myhre.

Gunnar Myhre på norsk klimapanel-pressekonferanse

-Svært usannsynleg at klimafølsomheit er større enn 6 grader celsius, sa CICERO-forskar Gunnar Myhre på dagens pressekonferanse.

Foto: skjermdump, Miljødirektoratet

2-gradersmål

Ein klimafølsomheit på 6 grader ville fått stor innverknad på målet om at temperaturauke ikkje bør vere meir enn 2 grader over førindustrielt nivå, ifølgje Myhre.

Førindustrielt nivå av CO2 var på om lag 260–270 delar CO2 per ein million delar luft (ppm).

Tidlegare i år sette ein målestasjon på Svalbard rekord med ei måling av CO2 på heile 400 ppm CO2, men den offisielle globale CO2-konsentrasjonen er no på 391 ppm.

–Dersom utsleppa held fram med same fart som i dag vil vi nå ei dobling av CO2-nivået rundt år 2050-60, fortel Myhre.

Den fulle temperatureffekten av denne konsentrasjonen vil ein likevel ikkje nå før klimasystemet har nådd jamvekt, noko som først vil skje om lag 100 år etter dette igjen.

Norske forskarar som har medverka til klimapanelets nye rapport

Klimaforskarar Cecilie Mauritzen, Gunnar Myhre, Eystein Jansen og Jan-Gunnar Winther på Miljødirektoratets pressekonferanse.

Foto: skjermdump pressekonferanse

Modellar med høgare klimasensitivitet stemmer mest

Akkurat kor innanfor dette intervallet klimafølsomheiten ligg, er forskarane usikre på, fordi ulike modellar gir ulike svar.

– Dei klimamodellane som gir best samsvar med observasjonar er dei som har høgare klimasensivititetar på rundt 3-4 °C. Modellane med lågare klimafølsamheit er ikkje i så stor samsvar med observasjonar, seier Myhre.

Men sjølv om forskarane enno har mykje arbeid som gjenstår for å forstå detaljar ved klimaendringane, endrar ikkje det ved hovudkonklusjonane, minna CICERO-leiar Cecilie Mauritzen om på pressekonferansen.

– Den største usikkerheita framover er graden av utslepp, seier Myhre.

Gunnar Myhre på norsk klimapanel-pressekonferanse

– Vi forstår dei gjennomgripande endringane som er observert, seier Myhre.

Foto: Skjermdump pressekonferanse