Mens nokre av oss får rynker og grått hår tidleg, ser andre uforskamma unge ut ved same alder. Dei ytre bevisa på alder er ikkje særleg presise, og endå verre er det å slå fast innvendig alder.
Professor Steven Horvath ved University of California, Los Angeles.
Foto: UCLANo har ein amerikansk forskar ved University of California, Los Angeles (UCLA), utvikla noko som kan bli eit objektivt mål for alderen til menneskeleg vev og celler.
Professor Steven Horvath ved David Geffen School of Medicine, UCLA, har funne ei biologisk klokke innebygd i arvematerialet vårt som viser at nokre vevstypar eldast raskare enn andre.
– Mitt mål med å finne opp denne klokka er å hjelpe forskarar til større forståing for kva som gjer at kroppens aldringsprosessar enten set opp farten eller bremsar opp, seier Horvath i ei pressemelding.
- Les også:
DNA-metylering
I studien som er publisert i tidsskriftet Genome Biology, viser professor Horvath at såkalla DNA-metylering kan nyttast som eit mål for aldring. DNA-metylering er ein naturleg prosess som fører til at DNA-et vårt blir endra kjemisk ved å få ekstra metyl-grupper festa til seg.
For å lage klokka brukte Horvath informasjon om DNA-metylering frå 8000 prøvar frå tidlegare studiar som hadde studert metylering i friskt og kreft-råka vev.
Han han fann 353 markørar som endrar seg med alder, og som ein finn igjen gjennom heile kroppen.
- Les også:
Kvinnebrystet aldrast raskare
Når Horvath testa klokka mot vevets biologiske alder, viste det seg at klokka var svært nøyaktig, med nokre unntak:
Mens biologisk alder av dei fleste vevsprøvar matcha alderen frå metyleringsklokka, viste det seg at vevet i eit kvinnebryst eldast raskare enn resten av kroppen til kvinna.
– Friskt vev i eit kvinnebryst er omtrent to til tre år eldre enn resten av ei kvinnes kropp, seier Horvath.
Det viste seg også at hos kvinner med brystkreft var vevet nær kreftsvulsten i gjennomsnitt 12 år eldre enn resten av kroppen.
Dette resultatet kan kanskje medverke til å forklare kvifor brystkreft er den mest vanlege kreftforma hos kvinner, ifølgje pressemeldinga frå UCLA.
- Les også:
- Les også:
– Praktisk tyding uklart
– Den praktiske tydinga av dette er enno litt uklart, seier professor Pål Sætrom ved Institutt for kreftforskning og molekylær medisin, NTNU, til NRK.no. Sætrom er også tilknytta Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap ved NTNU.
Sætrom synest det er fleire interessant aspekt ved metoden, som ein bør gå vidare på å sjå meir på, men førebels ser det ikkje ut til at klokka kan nyttast til å seie noko om alvorlegheitsgrad av kreft eller å finne ut om ei celle er på veg til å bli kreft.
Når det gjeld Horvaths funn av alder på brystvev, kommenterer Sætrom at høgare metyleringsalder kan skuldast at brystvev går gjennom ein god del hormonstyrte forandringar som kan påverke metyleringsmønster.
– Det er uklart i kva grad forfattaren har tatt omsyn til barnefødslar i sin analyse, seier Sætrom.
– Det vil vere interessant å sjå om desse resultata gjeld for fleire kvinner, og i kva grad tal på barnefødslar, ammestatus og andre faktorar som påverkar brystkreftrisiko speler ein rolle i desse metyleringsmønstra, seier Sætrom.
Evig ungdom?
Klokka gir oss også eit ørlite håp om evig ungdom, ifølgje UCLA-professoren.
– Det store spørsmålet er om den underliggande biologiske klokka kontrollerer ein prosess som fører til aldring, seier Steven Horvath.
– Viss det er slik, kan klokka bli ein viktig biomarkør for å studere terapeutiske tilnærmingar for å halde oss unge.