Silikon kan skjule brystkreft

Brystimplantat kan auke faren for sein diagnostisering av brystkreft, ifølgje kanadiske forskarar.

Silikoninnlegg

Brystimplantat kan skugge for små kreftsvulstar på mammografiundersøking, ifølgje leiaren i Mammografiprogrammet.

Foto: JUAN BARRETO / AFP

Kvinner med brystimplantat har 26 prosent høgare risiko for at kreften vert oppdaga på eit seinare stadium, syner forsking publisert i British Medical Journal.

Forskarane frå Quebec i Canada har gått gjennom 12 brystkreftstudier frå 1993 og fram til i dag. Dei påpeikar at resultata må lesast forsiktig, sidan materialet i denne samanhengen er lite.

Forskarane fann òg at brystkreftpasientar med implantat i brysta hadde 38 prosent høgare risiko for at kreften får eit dødeleg utfall.

LES ÒG: – Teres-klinikkane har eit forklaringsproblem

Flere kvinner med silikon begår selvmord

Skuggar på biletet

Berit Damtjernhaug

Leiar i Mammografiprogrammet, Berit Damtjernhaug, fortel at kvinner med silikon oftare må undersøkjast fleire gonger.

Foto: Privat

Berit Damstjernhaug er leiar for Mammografiprogrammet i Noreg og meiner at forskingsresultata verkar logiske.

– Implantatet synast som ein kvit skugge på mammografiundersøkinga. Sjølv om implantatet ligg bak brystkjertelvevet, vil det kunne skugge for delar av kjertelvevet, som då ikkje synast godt nok. Dette kan føre til at ein ikkje oppdager små svulstar som ligg i denne delen av brystet, fortel Damtjernhaug til NRK.no.

– Dessutan kan det teknisk sett vere vanskelegare å få gode nok bilete av bryst med implantat, legg ho til.

På grunn av dette vert kvinner med implantat oftare innkalla til nye undersøkingar. Målet med mammografi er å oppdaga svulsten medan han framleis er så liten at kvinna ikkje sjølv kan kjenne han.

– Ein liten svulst som ikkje oppdagast på mammografi grunna implantat, vil vekse seg større og oppdagast når kvinna sjølv kjenner han. Då er det større risiko for at kreften kan ha spreidd seg utfor brystet, fortel Damstjernhaug.

Det er fyrst når kvinner vert 50 år og fram til dei er 69 år at dei vert invitert til mammografiscreening annakvart år.

– Kvinnene vert eldre, men implantata er der framleis.

SJÅ DOKUMENTAREN: Skjønnhetsboblen

Kven betaler?

Ifølgje Eystein Hauge, medisinsk ansvarleg i Teres Medical Group, som er Skandinavias største kjede på plastisk kirurgi, utførast det årleg rundt 11.000-12.000 brystforstørringar på norske kvinner.

Onkolog Erik Wist

Erik Wist, leiar i Norsk Bryst Cancer Gruppe, er skeptisk til at samfunnet må betale etter at ein person sjølv har vald å leggje seg under kniven for å få større bryster.

Foto: Privat

– Om brystimplantat fører til sein diagnostisering vil det igjen gjere prognosane for overleving dårlegare, seier leiar i Norsk Bryst Cancer Gruppe, Erik Wist.

Overlækjaren stiller spørsmål ved kven som skal betale for ei grundigare eller alternativ oppfølging av kvinner som har brystimplantat, der mammografi ikkje er tilstrekkeleg.

– Eg meiner at dei som legg inn protesane må ta det medisinske ansvaret for riktig oppfølging av kvinnene. Det kan ikkje påleggjast samfunnet å ta ekstrakostnader for kosmetiske inngrep ein har valt sjølv, seier Wist.

Plastikkirurg Eystein Hauge ser ikkje problemet med å nytte offentlege kroner til grundigare undersøkingar av kvinner med brystimplantat og fortel at dei gjerne tek imot gamle pasientar, som måtte ha spørsmål.

Både overlækjar Erik Wist og plastikkirurg Hauge er einige om at mammografi av kvinner før dei opererer inn implantat sjeldan har noko for seg når det gjeld tidleg diagnostisering, sidan brystkreft sjeldan rammer kvinner under 40 år.

LES ÒG: Historisk silikonbryst-rettssak i gang

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)