Håpar ny "vindmølle" skal gi oss billigare straum

Ved å fjerne blada på vindturbinen vil ein kunne hauste straum på billegare og betre måte enn i dag, hevdar spanske ingeniørar. – Denne teknologien har framtida framfor seg, seier norsk vindkraftekspert.

Prototyp av røyrforma vindturbin

Denne sylinderforma vindturbinen skal skape straum frå vind ved hjelp av vibrasjon.

Foto: Vortex Bladeless

Spanske ingeniørar har utvikla ein sylindrisk vindturbin som skal kunne generere straum ved vibrasjon i staden for å roterande blad. Dette skriv The Independent.

Vindturbinen blir kalla Bladeless, og er utvikla av firmaet Vortex.

Fekk ide frå brukollaps

Ideen til den utradisjonelle vindturbinen fekk forskarane frå den berømte Tacoma Narrows bridge. I november 1940 kollapsa brua på spektakulært vis då kraftig vind fekk ho til å svinge som om ho var laga av gummi.

På liknande vis ønsker det spanske vindselskapet Vortex å utnytte vinden til å skape svingingar i sylinderforma vindturbinar som står planta i bakken.

Strukturen fører til danning av små virvelvindar som deretter blir omdanna til rørsler i sylinderstrukturen.

Deretter vil vibrasjonen i sylinderen bli omdanna til straum via ein generator.

Vindkraft Smøla

Tradisjonelle vindmøller på Smøla.

Foto: Kjell Herskedal, Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / Scanpix

– 50 prosent billigare

Dei spanske vindforskarane hevdar at deira design vil kunne redusere kostnader ved vindkraft.

– Viss du samanliknar vår oppfinning med ein konvensjonell vindturbin med like stor energiproduksjon, så vil vår kunne koste om lag halvparten så mykje, seier Raúl Martín i Vortex Bladeless.

  • Sjå ein YouTube-video som viser korleis den sylindriske vindkraftturbinen skal virke:

– Har framtida framfor seg

– Dette er fullt mogleg å gjere, det er eit enkelt prinsipp. Grunnen til at ingen har gjort det før er nok først og fremst at teknologien for å overføre vibrasjonsrørsla til straum har vore vanskeleg å få til, seier professor Ole Gunnar Dahlhaug ved Institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU til NRK.

Han synest den spanske vindturbinen er svært interessant, og har trua på at dette kan ha noko for seg.

– Denne teknologien har framtida framfor seg. I mine auge er dette ein vel så potensiell måte å utnytte vind på som med roterande vindturbinar, seier Dahlhaug.

Likevel er han tvilande til at det vil kunne vere meir lønnsamt enn eksisterande teknologi fordi sylindrane dekker eit relativt lite areal i forhold til ein vanleg vindturbin.

Han trur det først vil kunne konkurrere i pris dersom ein klarar å lage ein vindsylinder og generator som kan la seg masseprodusere til ein billig pris.