Hopp til innhold

Når vinden blåser for fullt, stoppar desse

Du trudde kanskje at mykje vind gir mykje straum frå vindmøller? Da må du tru om igjen.

Fakken vindmølleparken

STOPPAR VED 25 M/S: Ved Fakken vindmøllepark i Karlsøy kommune stopper vindturbinane når vinden når 25 m/s.

Foto: Trygve Andreassen / NRK

Dei siste vekene har vore prega av mykje vind i Troms. Dette burde vere godt nytt for Troms Kraft, som driv vindmølleparken Fakken på Vannøya i Karlsøy kommune.

Men: Ikkje all vind kan nyttast til å produsere straum. For sjølv om ein kanskje skulle tru at ekstremvind skapar ekstremt mykje straum, skapar sterk vind bom stop i vindparken.

Det fortel Svein Erik Thyrhaug, som er fagsjef for vindkraft i Troms Kraft.

– Det er slik at vindturbinane ikkje liker sterk vind, så dei stoppar når vinden når 25 m/s. Så da ekstremvêret «Ole» kom hit på laurdag, med vind frå vest, var det stort sett stillstand i vindmølleparken, seier Thyrhaug.

Utfordrande vêr

– På grunn av dimensjoneringane på turbinane, så stoppar vindparken når styrken er sterkare enn 25 m/s, og dette er for å beskytte turbinane mot mekaniske feil, seier han.

Vindparken på Vannøya består av 18 vindmøller. Sjølv om vinden har vore tidvis sterk dei siste vekene, er det ingen fare for at vindmøllene skal bli øydelagt i kraftig orkan.

– Turbinane er laga slik at dei skal tole vind opp mot 60 m/s, så det er ikkje nokon fare for havari på noko tidspunkt, seier Thyrhaug.

Kva har det å seie for produksjonen at vêret er så varierande som det har vore?

– Det går veldig mykje opp og ned. Akkurat no har vi 4 m/s vind, og nesten ingen produksjon, medan det for ein halv time sidan var 20 m/s og full produksjon. Så vindretning har mykje å seie.

God januar

Sjølv om det har vore til tider bom stopp i den største vindparken i Nord-Norge dei siste dagane, har vinden også spelt på lag med kraftprodusenten Troms Kraft.

– I vekene før uvêret "Ole" hadde vi veldig god produksjon, da vinden kom ifrå aust. Da produserte vi 8 millionar kilowattimar meir enn vi hadde berekna, fortel Thyrhaug.

Er det utfordrande å drive med vindkraft i Nord-Norge?

– Ja, akkurat no når det er sørvestlege bygar, med polare lågtrykk i kastevind, så er det litt utfordrande, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark