Osterøybrua dansar igjen

Det blei mykje oppstyr då Osterøybrua opna i 1997, - den gynga så kraftig og ofte at det måtte vindspoilerar til for å roe den ned. No får vinden Osterøybrua til å danse på ny.

Osterøybrua stengt på grunn av vind
Foto: MMS: Kjell Jøran Hansen / NRK

Hør: Osterøybrua dansar igjen

På slutten av 90-talet gjekk bileta av den danseglade brua landet rundt. Den var bygd for å tåle sterk storm, men det var ved vindstyrken 10 m/s, eller liten bris, at den starta å vrikke på hoftene. Det var som om ein jamn, liten vind var heilt umogleg å motstå.

Statens Vegvesen fann ei løysing. Nokre spolierar blei montert under vegbana, og brua roa seg ned.

Nytt anfall

Men 4. januar i år, då ein kraftig vind kom inn mot brua frå aust, fekk Osterøybrua eit nytt anfall av barnesjukdomen den var plaga av som ung. Augnevitne NRK Hordaland snakka med meinte vegbana på det verste gjekk 2 til 3 meter opp og ned.

Politiet stengte brua for trafikk, og det gjekk eit heilt døgn før dei meinte det var forsvarleg å opne den att.

Overraskande

Fra åpningen av Osterøybrua i 1999

Frå opninga av Osterøybrua i 1997.

Foto: MARIT HOMMEDAL / Scanpix

Dei nye svingningane kom heilt overraskande på Statens Vegvesen, og Anne Margit Fjeldstad i Byggherreseksjonen seier dei har kontakta Meteorologisk Institutt for å kartleggje akkurat korleis vindtilhøva var kring brua 4. januar.

Fysikar ved Universitetet i Bergen, Kjartan Olafsson, forklarar dei store svingningane med at brua blir utsett for forstyrringar som gjer at den kjem i eigenfrekvens. Denne eigenfrekvensen varierer frå bru til bru, men ein jamn vind av ein viss styrke kan tvinge ei bru til å svaie og svinge til ein viss frekvens.

Buktande kollaps

I dag er bruer laga for å tåle store svingningar, og hengebruer er heile tida i bevegelse, men såpass store utslag prøver ein å unngå. Olafsson seier ein har lært mykje av tidlegare brukatastrofer, som til dømes kollapsen av brua over Tacoma Narrows i USA. Heilt sidan brua blei opna svinga og svaia den så vodlsomt at lokalbefolkninga døypte den Galloping Gertie.

Nokre månader etter, 7. november 1940 starta den å svinge kraftigare enn nokonsinne.

I ein heil time kunne ein beundre den buktande brua, og mange våghalsar køyrde og gjekk over innan den kollapsa.

Ingen kom til skade i kollapsen, og ingeniørane fekk mykje nyttig kunnskap.

- Osterøybrua er trygg

Ekspertar seier Osterøybrua ikkje tek skade av svingningane. Kjartan Olafsson seier den er trygg, og at den aldri vil komme i så voldsomme svingningar som Tacoma-brua. Men han trur likevel den kjem til å ta seg ein svingom i ny og ne, om berre den rette vinden byr opp til dans.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gyllenhaal + Ferrantebok = film

    Den amerikanske skuespilleren Maggie Gyllenhaal skal skrive og regissere en adaptasjon av Elena Ferrantes roman «Den dunkle dottera» (Samlaget). Det melder bok365.no. Det blir hennes debut som regissør og manusforfatter. Rollen hennes i HBO-serien «The Deuce» har inspirert henne til å ta skrittet over i registolen, sier hun.

    2018 Sundance Film Festival - "The Kindergarten Teacher" Portrai
    Foto: Taylor Jewell / AP
  • Forfatter Jan Jakob Tønseth er død.

    Jan Jakob Tønseth døde natt til fredag, melder hans forlag Cappelen Damm. Tønseth var den aller første vinneren av P2-lytternes romanpris. Den fikk han for «Et vennskap». Han fikk også Det Norske Akademis pris, Cappelenprisen, Gyldendals legat og Doblougprisen.

    For novellesamlingen «Von Aschenbachs fristelse» ble han nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

    I diktsamlingen «Muntre dødsdikt og andre dikt» (2015) skrev han sin sykdomshistorie.

    Jan Jakob Tønseth ble 71 år gammel.

    Jan Jakob Tønseth
    Foto: Aarønæs, Lars / Lars Aarønæs