Hopp til innhold

Fann fossil av forhistorisk gigantnebbdyr

Ei fossil tann vitnar om at Australia i tidlegare tider husa eit kjøtetande gigantnebbdyr.

Forhistorisk gigantnebbdyr Obdurodon tharalkooschild

Kjempenebbdyret Obdurodon tharalkooschild kunne ta mykje større bytte enn det dagens nebbdyr kan.

Foto: Illustrasjon: Peter Schouten

Australia er kjent for sitt særeige dyreliv, med artar som ikkje finst nokre andre stadar i verda.

No tyder eit nytt fossilfunn på at dyrelivet i fortida var endå meir eksotisk og også inkluderte ein godzilla-variant av eit nebbdyr (sjå faktaboks).

Den forhistoriske nebbdyrarten som levde i Australia for ein stad mellom 15 og 5 millionar år sidan, har fått namnet Obdurodon tharalkooschild.

– I lengde var nebbdyret om lag som ein stor hund. Men i kroppsform minna han meir om ein sel med stort nebb og giftkloer på innsida av bakbeina lik moderne nebbdyr, seier professor Michael Archer ved University of New South Wales i Sydney til NRK.no.

Archer er medforfattar på studien som er publisert i Journal of Vertebrate Paleontology.

–Oppdaging av denne nye arten var eit sjokk for oss, for fram til dette har fossilfunn tyda på at det evolusjonære treet til platypusar var relativt lineært. No forstår vi at det må ha vore uventa sidegreiner på dette treet, der nokre vart gigantiske.

Fossilhaldig kalkstein i Riversleigh World Heritage Area

Fossilhaldig kalkstein i Riversleigh World Heritage Area. I dette området fann forskarane den fossile nebbdyrtanna.

Foto: Michael Archer

– Ingen andre pattedyr har liknande jekslar

Alt som er funne av den nye arten er ei tann som vart oppdaga i Riversleigh World Heritage Area i Queensland, eit kalksteinsområde som er kjent for mange fossil.

– Vi visste ikkje kva vi hadde før vi hadde løyst opp kalksteinen med svak syre i laboratoriet, noko som gjeld 99 prosent av alle skattane vi har funne frå Riversleigh, fortel Archer. – Det er noko av det som gjer denne forskinga så spennande, det er fleire overraskingar enn oppfylte forventingar.

Forskarane var ikkje i tvil om at tanna som dukka opp frå steinen stamma frå eit nebbdyr.

Jeksel frå utdøydd gigantnebbdyr

Illustrasjonen viser den særmerkte jekselen som er alt forskarane har av fossilfunn av gigantnebbdyret.

Foto: Michael Archer

– Jekslane i underkjeven hos nebbdyr er svært særmerkte, og skil seg frå tennene til alle andre pattedyrgrupper, fortel Archer.

–Mønsteret av taggar minner om ein W som har blitt delt i to og dannar to V’ar, men der den første V’en har blitt ein I med ein enkelt tagg. Ingen andre pattedyr har eit liknande mønster, seier Archer.

Basert på storleiken til tanna, har forskarane berekna at det utdøydde kjempenebbdyret var om lag ein meter langt, og dobbelt så stort som eit moderne nebbdyr.

Tanna røper menyen

Nebbdyr

Moderne nebbdyr lever av ørsmå insektlarvar og krepsdyr som dei rotar fram frå botnen med nebbet.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / AFP

Moderne nebbdyr har berre tenner når dei er små, mens vaksne nebbdyr har plater av keratin i staden for tenner.

Det utdøydde kjempenebbdyret hadde derimot tenner også som vaksen, og merka på tanna røper også kva den forhistoriske arten mest sannsynleg hadde på menyen.

Som dagens nebbdyr var det mest sannsynleg eit vasslevande pattedyr, men på grunn av storleiken kunne det mest sannsynleg fange mykje større bytte enn sine nolevande slektningar.

Forskarane trur at gigantnebbdyret levde av kreps og andre ferskvasskrepsdyr, men også lungefisk, frosk og små skjelpadder som ein finn i same fossile lag.