Hopp til innhold

Oppdaga bisarre nye artar i «tapt verd» på fjelltopp i Australia

Forskarar er forbløffa etter funn av tre nye artar som har vore isolert frå omverda i tusenvis av år.

I Arthur Conan Doyle sin roman The Lost World frå 1912 kjem ein ekspedisjon med forskarar og eventyrarar til eit avsidesliggande fjellplatå der dinosaurar og andre forhistoriske dyr lever i beste velgåande.

No har australske forskarar funne tre nye artar i eit område som er så nær ei tapt verd som ein kan komme i den verkelege verda.

På ein ekspedisjon til Cape Melville i det nordaustlege Australia fann forskarar frå James Cook University i samarbeid med National Geographic heile tre artar som var ukjende for vitskapen: ein gekko med lauv-forma hale, ein skink (ein type øgle) med gylden hud, samt ein ny frosk somlever livet sitt mellom kampesteinar. Forskarane trur at dei tre artane har vore isolerte i tusenvis av år.

–Toppen av Cape Melville er ei tapt verd. Denne type funn gjer eni berre ein gong i løpet av livet, eg er enno forbløffa og yr, seier Conrad Hoskins ved James Cook University i ei pressemelding.

Isolert regnskog

Cape Melville er rekna for å vere eit unikt og eldgammalt landskap, sjølv på eit gammalt kontinent som Australia. Landskapet er prega av granittsteinblokker så store som hus som ligg oppå kvarandre og dannar ei uvanleg fjellkjede. På denne høgda har det overlevd ei isolert øy av regnskog i ein sjø av elles varm, tørr skog i låglandet.

Cape Melville er frå før kjent for stor artsrikdom og fleire dyre- og planteartar som er stadeigne for området. Dei tre nye artane har i løpet av årtusen i isolasjon utvikla seg til distinkte artar.

– Å finne tre heilt nye virveldyr ville vere overraskande nok på lite utforska stader som Ny Guinea, men er endå meir overraskande i Australia, eit land som vi meiner å ha utforska ganske godt, seier Hoskin.

Eksepsjonell

Gekkoen er høgdepunktet blant dei tre nyoppdagingane. Han høyrer til slekta lauvhalegekkoar (Saltuarius), ei gruppe gekkoar som skriv seg frå ei tid då regnskogen var meir utbreitt i Australia. Den nye gekkoen som vart funne på Cape Melville skil seg frå alle slektningane sine, og har derfor fått namnet Saltuarius eximus, som betyr eksepsjonell.

–I same sekund eg såg gekkoen forstod eg at han var ein ny art. Alt ved han var heilt klart særmerkt, seier Hoskins.

Dei store auga og den lange slanke kroppen til gekkoen er tilpassingar til livet mellom dei kampesteinane der han gøymer seg om dagen. Først om natta kjem gekkoen fram for å jakte, og sit då urørleg i bakhold på passerande insekt og edderkoppar.

Stein-elskande frosk

Blotched Boulder-frog

Blotched Boulder-frog er namnet på den nyoppdaga frosken som er stadeigen for Cape Melville.

Foto: CONRAD HOSKIN / NTB Scanpix

Men i tillegg til gekkoen fann forskarane altså endå to nye artar. Cape Melville Shade Skink (Saproscincus saltus) er ein vakker gyllen-farga skink (ein type øgle) som jaktar på på dei mosegrodde kampesteinane.

Skinken er dagaktiv, og jaktar på insekt ved å springe og hoppe mellom steinane, derav namnet saltus, som er latin for å hoppe.

Den tredje nyoppdaga arten er frosken Blotched Boulder-frosk (Cophixalus petrophilus) som lever livet djupt nede i labyrintar under jorda i tørketida, men kjem fram til overflata under sommaren når klimaet er meir kjølig og fuktig.

Av di forsken lever heile livet mellom kampesteinane i Cape Melville har han fått namnet petrophilus, som betyr stein-elskande.

Når desse artane har klart å skjule seg for vitskapen heilt til no, kan kanskje andre også ha klart det? Det trur forskarane, som meiner det kan ligge an til fleire oppdagingar på framtidige ekspedisjonar.