Hopp til innhold

Ein av ti får ikkje betre kondis med trening

Anders Risan fekk ikkje betre oksygenopptak etter tre månader med intensiv kondisjonstrening. Om lag 10 til 20 prosent av oss kan ikkje trene oss til betre kondis.

Video Kondisgenet

Fysioterapeut Anders Risan fekk eit heilt anna forhold til trening etter eit treningsveddemål med kollegaer der målet var å få størst auke i oksygenopptak, som er det viktigaste målet for kondisjon.

Veddemålet avslørte at Risan er i gruppa menneske som ikkje responderer på kondisjonstrening i det heile, såkalla «non-responderar».

Risan er ikkje åleine om å ikkje respondere på kondisjonstrening. Studiar gjort av blant andre forskargruppa til professor Claude Bouchard i USA tyder på at dette gjeld mellom 10–20 % av oss.

Årsaka ligg i genane våre, og forskarar blant anna på NTNU jaktar no på kondisgenane.

– Kan trene så hardt han vil utan at O2-opptak aukar

Anders Risan og treningsgjengen hans tok kontakt med forskargruppa ved K.G. Jebsen senter for hjertetrening på NTNU og fekk testa oksygenopptaket før veddemålet starta.

Etter tre månader vart deltakarane testa på nytt.

– Då følte eg at dette hadde eg kontroll på. Eg hadde kjensla av at eg hadde trent litt meir enn dei andre, seier Risan til NRK Schrödingers katt.

Men testresultatet viste overraskande nok inga forbetring i kondisjonen.

– Det vi såg på Anders var at han ikkje hadde noko framgang i oksygenopptak sjølv etter tre månader med intensiv treningsperiode, seier forskar Arnt Erik Tjønna ved K.G. Jebsen senter for hjertetrening ved NTNU.

– Det betyr at han truleg fell inn under kategorien non-responder på oksygenopptak og det vil seie at han kan eigentleg trene så mykje og så hardt han vil utan at oksygenopptaket aukar, seier han.

–Ein gedigen nedtur, seier Risan om det han følte då.

Anders Risan

Eit treningsveddemål avslørte at Anders Risan høyrer til befolkningsgruppa som ikkje kan forbetre kondisen sin.

Foto: NRK

Lenke mellom kondisjon og sjukdom

Den genetiske årsaka til ulik kondisjon er svært interessant for forskarane, blant anna fordi det ser ut til å vere ein sterk samanheng mellom kondisjon og enkelte sjukdommar.

– Vi er interessert i å finne ut kvifor nokre har høgt oksygenopptak og kvifor nokre har lågt. Og ved å finne ut meir om kondisjon trur vi at vi også kan finne ut meir om kvifor folk får hjarte og karsjukdommar, seier forskar Anja Bye.

– Det er mykje som tyder på at kondisjon er veldig viktig for framtidig risiko for hjarte-karsjukdom og andre sjukdommar som kreft, muskel-og-skjelettsjukdommar og også psykiske sjukdommar, seier Bye.

Peiker mot kromosom 6

Gjennom Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag har Bye og kollegaer målt kondisjon og fått tilgang til DNA for 4500 kvinner og menn.

Anja har studert 200 000 genvariasjonar hos kvar deltakar og har sett klare mønster:

– Resultata så langt tyder på at det er eit lite område på kromosom 6 som ser ut til å ha mange av genane som bestemmer grunnkondisjonen vår. Og fleire av dei genane som vi faktisk finn har tidlegare vore assosiert med hjarteforstyrringar og infarkt, seier Bye.

Men sjølv om det skulle vere mogleg å lage ein gentest som kan bestemme om du er non-respondar eller ikkje, synest ikkje Bye det er ein god idé.

– Det er så utruleg mange andre fordelar med trening enn akkurat det om du aukar kondisen din. Ein test på om du er non-responder eller ikkje vil kanskje føre til at nokre sluttar å trene, og det vil vi ikkje, seier ho.

Trening på tredemølle

Om du ikkje kan forbetre kondisjonen sin vil du likevel ha utbytte av trening, forsikrar forskarane.

Foto: Angelique SUREL / Colourbox

– Kom deg opp av sofaen

Ander Risans første reaksjon etter kondisjonskonkurransen, var at all trening var fåfengt, og at det berre var å pakke saman.

Men etter råd frå ekspertane fokuserer han no på andre ting enn oksygenopptak for å forbetre seg.

For å slå sin personlege rekord i halvmaraton, vil han no trene meir på beinstyrke.

– Det kan medverke til at eg spring fortare trass i at eg ikkje kan komme høgare i O2-nivå, seier Risan.

– Uansett om du er non-responder eller ikkje bør du komme deg opp av sofaen, seier Anja Bye.

Sjå heile Schrödingers katt i kveld kl. 19.45 på NRK1.