Hopp til innhold

Du kan komponere Nokias nye ringetone

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den gjenkjennelege Nokia-ringetonen skal ha ein overhaling, og mobilselskapet har lansert ein konkurranse der du kan komponere den nye versjonen.

Nokiamelodien er kanskje irriterande, men det er få melodiar som slår den når det gjeld tal på avspelingar.

I følgje Wikipedia er det berekna at melodien blir spelt heile 1,8 milliardar gonger per dag, og om lag 20 000 gongar i sekundet.

No vil Nokia lansere ein ny versjon av låta, og mobilselskapet har lansert ein konkurranse der dei inviterer folk verda over til å lage sin versjon.

10.000 dollar

– Melodien må vere ny, utrykksfull, original og kreativ – men samtidig heilt klart ein Nokiamelodi, seier Nokia i følgje Mashable.com.

Vinnaren får ein premie på 10.000 amerikanske dollar, om lag 53000 norske kroner, i tillegg til den ære som følgjer med å få stykket sitt fleire millionar gongar kvar dag.

Konkurransen er open fram til 2. oktober, og ti låtar vil bli vald ut til finalen. Dette er dei fem melodiane som har fått flest stemmer frå publikum, i tillegg til fem komposisjonar som blir vald ut av juryen.

Nokia gir også trøstepremiar på 1000 dollar til fem låtar som kom med i finalen.

Den nye melodien vil komme saman med nye Nokiaprodukt i 2012, og mobilselskapet reknar med at melodien blir tilgjengeleg på omkring 100 millionar apparat.

Du kan laste opp din versjon av melodien på nettstaden Nokia Tune Remake.

Og om du ikkje er kreativ nok til å komponere ein ny ringetone, kan du medverke ved å stemme fram vinnarmelodien.

Spansk gitarstykke

Nokiaringetonen vart lansert som Grande Valse saman med mobiltelefonen Nokia 2110 i 1994.

Men opphavleg er melodien henta frå det spanske gitarstykket Gran Vals som vart skrive av den spanske gitaristen og komponisten Francisco Tárrega i 1902.

Tárrega som døydde i 1909, hadde nok aldri drøymt om at ein frase frå hans gitarstykke skulle bli ein av verdas mest spelte melodiar.

Og endå mindre ville han vel klart å forestille seg at melodien skulle bli spelt i form av ringetone på ein berbar telefon.

Sjå ei innspeling av originalversjonen av Gran Vals her. Høyrer du igjen Nokiamelodien? ( takt 13-16 i melodien). Det er gitaristen Modesto De Renzio som speler.