Hopp til innhold

Nokia-kollaps i Finland

Den finske mobilgiganten Nokia har hamna i bakevja, også på heimebane. Sjølv ikkje finnane kjøper telefonane deira lenger.

Nokia-butikk i Helsinki, Finland

Sjølv finnane vender ryggen til Nokia, som har tapt stadig større terreng i mobilmarknaden til Apple.

Foto: MARKKU ULANDER / Afp

Russejente utenfor Nokias lokaler i Helsinki

Russejenta Johanna er ein av mange finnar som vel andre mobiltelefonar enn Nokia sine.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

I Helsingfors gjer russen seg klar til å feire arbeiderdagen første mai.
Men når dei sender sms til kvarandre om kor dei skal møtes for å feste, brukar dei iPhone, ikkje Nokiatelefonar.

– Eg meiner iPhone er betre enn Nokia, det er i det minste ein telefon som fungerer, seier russejenta Johanna.

Forvandla Finland

Det er lenge sidan Nokia forvandla det finske samfunnet. Selskapet slo knockout på amerikanske og japanske mobiltelefonselskap og vaks til å bli den største bedrifta i Norden.

Anttii Rinne

Beskjeden om at Nokia seier opp 4000 tilsette, kom som eit sjokk, seier fagforeiningsleiar Anttii Rinne i PRO.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ti år seinare må NOKIA slanke arbeidsstokken. Denne veka kunngjorde selskapet at dei vil gjere store kutt. Dei skal spare 8 milliardar kroner innan år 2013. 4.000 tilsette blir sett på porten, 1.400 av dei i Finland.

I tillegg blir 3.000 finske ingeniørar no overført til konsulentfirmaet Accenture. Men på sikt vil også desse arbeidsplassane forsvinne.

– Det er alltid eit sjokk å få den formelle beskjeden, men vi har visst om planane til Nokia lenge, fortel fagforeiningsleiar i organisasjonen PRO, Anttii Rinne.

Vrakar Symbian-samarbeid

I januar fekk fagforeininga vite at Nokia vil vrake operativsystemet Symbian til fordel for eit samarbeid med Microsoft.

– Dette betyr at alle som arbeider med Symbian, snart står utan jobb, fortel Rinne.

Dei fleste analytikarane meiner at Symbian er årsaka til at Nokia slit. Dette sjølvutvikla operativsystemet fungerte dårleg, det klarte ikkje overgangen til smarttelefonar.

– Det tok to år å utvikle trykkglasteknologien, slik at Nokia kunne ta opp kampen

mot iPhone, fortel kommentator i Hufvudstadsbladet, Carl Gustav Lindén.

Nokia

Nokia håpar at eit nytt operativsystem vil få fart på mobilsalet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Finland berre lo av iPhone

Symbian bremsa opp utviklinga til Nokia, men leiinga ville ikkje vrake operativsystemet. Dei hadde investert for mykje tid og pengar i utvikling a programvaren. Lindèn meiner også at Nokia var dominert av ein ingeniørtankegang.

– Dei fokuserte på kva mobilbrukaren treng. Men dei gav ikkje kundane ei oppleving, slik iPhone gjer, seier Lindén.

Men problema med Symbian peikar på eit større problem. Nokia-leiinga var blitt for sjølvsikre.

– Dei var blitt for arrogante. Her i Finland lo vi berre av iPhone, seier Lindén.

Administrerande direktør i Nokia, Olli-Pekka Kallasvuo

Nokia-telefonane har endra seg ein god del sidan denne modellen kom på marknaden i 1987. Etter at smarttelefonen kom har likevel Nokia, med Olli-Pekka Kallasvuo i leiinga, sakka akterut.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Etterlikna Apple

No har latteren stilna. iPhone tek stadig større marknadsdelar frå Nokia. Aksjekursen er i fritt fall og kombinert ned gigantiske kutt i arbeidsstokken ser det stygt ut for det finske industrieventyret.

Då det demra for direktørane at dei var på veg til å bli akterutseilt av iPhone, prøvde dei å endre image på konsernsjefen fortel Lindén.

– Det var eit trist syn då dei prøvde å få den trauste konsernsjefen Olli–Pekka Kallasvuo til å etterlikne Apple direktør Steve Jobs. Det var eit trist syn å sjå han danse rundt på ei scene som Steve Balmer.

Microsoft sjefen Steve Balmer har ein berykta opptreden som er lagt ut på Youtube. Han prøvar med apehyl å etterlikne den ungdommelege stilen til Steve Jobs.

Nokias konsernsjef Kallasvuo, som kritikarane meiner har karismaen til eit finsk grantre, hadde ein liknande opptreden.

Rustar til «omkamp»

Nokia og Microsoft skal no samarbeide om å atterobre posisjonen som verdsleiande bedrifter. I Finland er mange skeptiske til det.
.
For dei som har sett Youtube klippet med Balmer, kan det sjå ut som dei to selskapa er blitt utryddingstrua dinosaurar.

Men det er for tidleg å seie, meiner Lindén.

– Nokia har mykje pengar på bok så, det vil ta lang tid å gå konkurs. 12 milliardar euro held ei lang stund, spår kommentatoren.

Men om Nokia vil klare å snu motgangen, vil det også ta lang tid å kome seg på fote igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt