Hopp til innhold

Viruset som kom tilbake

Det er ekstremt smittsamt, og står bak millionar av dødsfall. Dette er historia til meslingviruset, som vart tvunge tilbake av vaksinar, men som no har dukka opp igjen i enkelte vestlege land.

Kvinne med meslingar

Meslingar har blitt sjeldan etter innføring av vaksinasjonsprogram, men er no tilbake i blant anna i USA. Biletet viser ei medisinsk plansje av ei kvinne med meslingar.

Foto: Wellcome Images

I 1875 kom ein høvding tilbake til Fiji etter eit besøk i Australia. Med seg hadde han ein usynleg suvenir: meslingar. Dette skulle vise seg å bli fatalt for øybuarane som stod klar til å ønske han velkommen tilbake, ifølge Jared Diamond i boka Våpen, pest og stål.

Meslingviruset er blant dei mest dødelege og smittsame virusa vi kjenner til gjennom verdshistoria. Saman med andre sjukdommar var det ei medverkande årsak til at opp mot 95 prosent av innfødde amerikanarar vart utradert då europearar kom til kontinentet.

Men etter tiår med omfattande vaksinasjon har vi kanskje slutta å frykte sjukdommen.

– Vaksinens paradoks er at vaksinane er så effektive at ein ikkje ser sjukdommane lengre, og då kan ein fort gløyme kor alvorlege sjukdommane er, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl i avdeling for vaksinasjon i Folkehelseinstituttet til NRK.

Det siste året har likevel interessa for barnesjukdommen brått tatt seg opp i takt med utbrot fleire meslingepidemiar i USA. Berre sidan nyttår er det registrert om lag hundre meslingetilfelle, noko som har ført til stor medieinteresse. I starten av februar gjekk president Obama ut og oppfordra folk til å vaksinere barna sine. På sosiale medium flaggar også mange nordmenn vaksinasjonsstøtte under emneknaggen #iamtheherd.

Sjølv om vaksinasjonsgraden er på nær 95 prosent i Noreg, åtvarar no Folkehelseinstuttet norske foreldre mot vaksinetrøttleik. Det same gjer også helseminister Bent Høie.

– Meslingproblemet er betydeleg større i Europa enn i USA. Likevel er debatten mykje meir intens i USA. Det kan skuldast at ein der i praksis har vore fri for meslingar i mange år, seier smittevernekspert og tidlegare avdelingsleiar i Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, til NRK.

Vi tar ein nærare titt på det smittsame viruset som brått har fått eit comeback i Vesten.

Meslingtilfelle i Noreg siste 100 år

Før vaksinar vart innført døydde mellom 5 og 10 barn kvart år av meslingar i Noreg.

Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen

Frå kveg til menneske

Meslingar er eit biprodukt av at menneske gjekk frå å vere spreidde jegerar og sankarar til stadbundne jordbrukarar. Den næraste slektningen til meslingviruset er storfeviruset rinderpest, eit virus som no er utrydda. Forskarar meiner derfor at meslingviruset mest sannsynleg kom frå kveg, og at det på eit tidspunkt endra seg genetisk frå rinderpest slik at det kunne overleve i menneske.

I motsetning til virussjukdommen ebola har ikkje meslingar andre reservoar der viruset kan gøyme seg mellom epidemiane. Viruset lever berre i oss menneske.

Den einaste måten viruset kan overleve på er dermed å ha stor nok tilgang på nye individ som kan bli smitta. Nettopp derfor er også flokkimmunitet gjennom vaksine den viktigaste måten å hindre meslingviruset i å spreie seg.

Matematiske berekningar tyder på at viruset er avhengig av ei befolkning på mellom 250.000 til 500.000 for å kunne overleve. Det var dermed først med dei urbane jordbrukssivilisasjonane i Midt-Austen at ein hadde ei stor nok befolkning til å stadig fore viruset med nye, ubeskytta individ som kunne bli smitta.

Kvegdrift hos tuaregene i Mali, Afrika

Meslingar er eit biprodukt av menneskets nærkontakt med kveg etter at jordbruket oppstod.

Foto: NRK

Svekker immunsystemet

Sjølv om høvdingen enno var symptomfri var meslingviruset i full gang med å formeire seg inne i kroppen hans og angripe kroppens immunceller på ferda tilbake over Stillehavet frå Australia til Fiji. Så snart han sette sin fot i heimlandet og pusta inn heimlege dufter, sondra pusten hans også ut ørsmå virus som kunne reise fleire meter gjennom lufta, og også runde hjørne. Velkomsten vart ein fest for viruset, som fann sin veg inn i luftvegane til øybuarar med immunsystem som var ukjende med den framande gjesten.

– Meslingviruset kjem inn i kroppen typisk via slimhinnene i luftvegane eller eventuelt slimhinnene rundt auga. Og når det først har komme seg inn i luftvegane, oppformeirer viruset seg svært effektivt. Det høgaste nivået av virus har ein person 7–10 dagar etter infeksjon, fortel overlege Margrethe Greve-Isdahl ved avdeling for vaksine i Folkehelseinstituttet.

Globale dødsfall meslingar
Foto: Illustrasjon Mari Grafsrønningen

Symptoma på at ein er smitta kjem derimot ikkje før etter 10–15 dagar, noko som gjer at personar med meslingar er mest smittsame før dei før symptom, og dei første dagane etter at symptoma har brote ut.

– Ved at meslingviruset angrip kroppens immunceller, gjer det at immunforsvaret også blir svekka mot angrep av andre virus og bakteriar i fleire veker, og opptil to månader etter meslinginfeksjonen, fortel overlegen.

Det er det svekka immunsystemet som gjer at så mange som 30 prosent av dei som har meslingar får komplikasjonar. Det kan vere forårsaka av herjingane frå sjølve meslingeviruset, eller fordi dei får ein sekundær infeksjon med for eksempel øyrebetennelse, tarminfeksjon og diaré, eller lungebetennelse. I sjeldne tilfelle (om lag 1 per 1000 - 5000 smitta) kan den meslingsmitta utvikle hjernebetennelse, som er ein svært alvorlig komplikasjon.

Det svekka immunsystemet ein får med meslingar gjer at ein har dobbel så høg risiko for å døy av alvorleg lungebetennelse når det skjer i samband med ein meslinginfeksjon enn elles.

– Sjølv om dødelegheita av meslingar er høgare i utviklingsland, kan ein også sjå dødsfall i vestlege land med godt helsestell og god hygiene i samfunnet. Det siste dødsfallet forårsaka av meslingar i Noreg var så seint som i 2003, fortel Greve-Isdahl.

Meslingtilfelle i Noreg siste 20 år

Meslingtilfelle i Noreg dei siste 20 år, og kvar dei vart smitta.

Foto: Grafikk: Mari Grafsrønning

Finst ingen medisin

Det finst ingen antiviral behandling for meslingar slik at ein kan behandle etter at sjukdommen har brote ut. Den einaste måten ein kan beskytte seg mot viruset er derfor gjennom vaksinar som kan trene kroppens immunsystem slik at det får laga antistoff mot viruset.

– Antistoff i blodet inaktiverer viruset effektivt før det får formeirt seg opp og angripe nye celler, fortel Greve-Isdahl.

Den første meslingvaksina vart utvikla i 1963 av Thomas C. Peebles og John Franklin Enders. Enders stod bak verdas første poliovaksine, noko han fekk Nobelprisen for i 1954. På femti- og sekstitalet tok meslingar om lag dobbelt så mange liv enn polio, og det var stort behov for å utvikle ei vaksine også mot denne sjukdommen.

Enders sende derfor Peeples til ein skule der eit meslingutbrot var i gang. Her klarte Peebles å isolere viruset frå blodprøver hos nokre av elevane. Enders klare å dyrke opp viruset og utvikle ei vaksine. I Noreg vart meslingvaksine tilbydd til alle barn frå 1969. I 1983 kom trippelvaksina, som gir dekning mot raude hundar og kusma i tillegg til meslingar.

Vaksineprogramma har ført til at tal på døde frå meslingar globalt falt frå 2,6 millionar i 1980 til om lag 145.700 døde per år i 2013.

Vaksinesprøyte

Vaksinar gjer det mogleg å trene immunforsvaret på meslingeviruset utan at ein treng å gå gjennom sjukdommen.

Foto: Øivind Olsson / NRK

– Ingen er tent med demonisering

Dei siste åras meslingtilfelle i USA og Europa skuldast blant anna at det er enkelte miljø der folk ikkje er vaksinert, blant anna amish-miljøet i USA. Også i Noreg vel enkelte få foreldre å ikkje vaksinere barna sine, blant anna ved Steinerskolane.

– Dei urokkelege vaksinemotstandarane er heilt marginale, men får ufortent stor plass i massemedia. Ein får nærast inntrykk av ei folkerørsle, men det er det slett ikkje. Dei fleste ønsker vaksinasjon for sine barn, men kan bli skremt av den debatten, seier smittevernekspert Preben Aavitland i forskings- og rådgivingsfirmaet Epidemi.

Han har slost for vaksinasjon heile yrkeslivet, men liker ikkje at debatten blir så polarisert no.

– Ingen er tent med at vi håner eller demoniserer foreldre som vel bort vaksinar. Dei har faktisk rett til å velje feil, og vi kan ha toleranse for deira syn, seier Aavitsland.

Han meiner at vi i staden bør forsøke å forstå kvifor foreldre lar vere å vaksinere, og komme dei i møte med gode samtalar på helsestasjonen eller legekontoret.

I Noreg har landsgjennomsnittet dei siste åra ligge på mellom 93 og 94 prosent for trippelvaksina, ifølge VG.

Dette synest Aavitsland at vi skal seie oss nøgde med.

Margrethe Greve-Isdahl i Folkehelseinstituttet synest det er viktig å forbetre dekningsgraden på dei vaksinane der det ligg under 95 prosent.

Vaksinasjonsprogramma gjer uansett at meslingar i dag sjeldan får like dødelege utfall som før:

Først eit par veker etter at høvdingen først hadde blitt smitta vart han sjuk, fekk snue, hoste og feber. Deretter spreidde det seg eit prikkete utslett over heile kroppen hans. Då høvdingen låg utslått av sjukdommen, var viruset alt i ferd med å spreie seg som eld i tørt gras blant fijianarane. Etter nokre veker var ein firedel av befolkninga på Fiji døde.